Det vil seie ei veke 41, frå måndag 6. til torsdag 9. oktober. Det blir aktivitet frå 10.00 til 15.00 kvar dag, med matpause mellom to økter. Alle mellom sju og 12 år kan delta. Måndag og tysdag er fotballskulen for dei mellom sju og ni år, medan den onsdag og torsdag er for dei mellom 10 og 12 år. Det blir mange og godt kvalifiserte instruktørar på fotballskulen, som har fått namnet «Coop Extra Fotballskule». Coop Extra Hareid vil bidra med lunsj til deltakarane. Alle får diplom.

Dette er første gong Hareid IL arrangerer ein skikkeleg fotballskule, og klubben håper på god oppslutning. Treningane vil gå på Hareidsmyrane stadion (kunstgras) og eventuelt også Hareid stadion (gras).