Hødd-keeper Jan-Lennart Urke var nære å signere for Herd i vinter, men overgangen vart det ikkje noko av. Sjølv om overgangsvindauget opna på tysdag, reknar Urke med å bli i klubben, i alle fall ut sesongen.

- Herd og eg har faktisk ikkje snakka saman sidan då. Så planen er å kjempe meg inn på laget her i Hødd. Eg føler at eg hengjer godt med på trening ane og gjer det bra, seier sisteskansen.

- Ikkje nøgd

Skulle situasjonen forbli slik som den er i dag, vil derimot den tolmodige 23-åringen vurdere framtida si når kontrakten hans går ut etter sesongen.

- Dette er ikkje ein situasjon eg er nøgd med, så viss det held fram slik resten av året så vil eg setje meg ned og sjå etter andre alternativ, avslørar Urke.

Herd-trenar Amund Skiri stadfestar også at det ikkje er andre Hødd-namn som er aktuelle for klubben per no.