Ein noko lågmælt og heilt garantert sliten Karsten Warholm tok over telefonrøret frå Olympiatoppen sin informasjonsansvarlege, Halvor Lea, og svarte gjerne på nokre spørsmål frå lokalavisa. Etter å ha vunne sitt forsøksheat på tida 48,49 og i tillegg sett nok ein ny norgesrekord er det nok mange tankar som svirrar rundt i hovudet på 20-åringen frå Ulstein.

- Eg la meg ned ein time i stad og kopla av. Det var veldig godt, seier Warholm.

Med siger i heatet var Warholm utan tvil vidare til semifinalen, som går av stabelen natt til onsdag. Han slo mellom anna Javier Culson, OL-bronsevinnar frå London-leikane i 2012.

- Planen var eigentleg ganske enkel. Eg tenkte at dette forsøket var mitt løp, og at eg berre måtte køyre på, seier Karsten.

I semifinalen vil det bli nok eit tøft løp. No er det derimot søvn, nok mat og å nullstille tankane det går i.

- Eg prøver å tenkje løp for løp. Målet mitt no er å lande litt, og så byrje å tenkje mot neste. Eg er eigentleg relativt avslappa allereie, men det gjeld å halde tankane på rett spor.

Takkar alle som heiar på han

Karsten gjorde som berre Karsten kan då han blei intervjua av TV2 etter kanonløpet. Han ba om å få helse heim til Ulsteinvik, for det er heime som betyr mest for han. I Ulsteinhallen var både mamma Kristine, pappa Mikal, søstrene og kjærasten Oda på plass.

- Det er veldig kjekt med den interessa som ligg rundt meg og prestasjonane mine, både lokalt og nasjonalt. Eg er stolt over å ha så mange som heiar meg fram, seier Warholm.

Han har også blitt kjent som ein som snakkar rett ut, og for å servere flotte sitat.

- For meg kjem det naturleg, for eg snakkar rett frå levra. Eg set stor pris på interessa frå media og det norske folk, seier Warholm avslutningsvis.

Så får vi håpe på maksimal opplading til semifinalen for Karsten!