– Vi skal ut og sigle litt, det blir vel mest innanskjers, fortel Thorir Hergeirsson før han og Handballjentene sette kursen mot MS «Hindholmen» for ein tur på sjøen.

Han meiner det er undervurdert med den type utflukter, og at "innedyr" som handballspelarar har veldig godt av å kome seg litt ut.

– Nokre gongar må dei tvingast med ut, men med så fint vêr som det er i dag så slepp vi nok det, smiler landslagssjefen.

Utflukter som den med «Hindholmen» gir spelarane tid til å kople litt av frå handballen.

– Eg er oppteken av at ein må gjere litt andre ting. Det er ingen som blir bra av å berre stå i ein handballhall eller i eit styrkerom. Det er viktig det som blir gjort der, men ein må også kunne kople av. Finne av-knappen.

Trenaren gledde seg også til å få sjå litt meir av området rundt Ulsteinvik.

– Det blir jo ein liten geografileksjon. Ein får vite litt meir om landet, for Norge er meir enn Trondheim, Oslo og Bergen. Så det å få sjå seg litt rundt i dette vakre landet er berre bra, avsluttar han.