Kampens første store moglegheit kom etter dryge sju minutt. Pål André Helland drog seg inn frå høgrekanten og klemde til med venstreslegga si. Keeper fekk derimot kroppen bak ballen og redda greitt.

Om lag åtte minutt seinare kom Mjøndalen til ein god sjanse til å ta leiinga, men Andreas Lie fekk kontroll på headinga frå Pål Kirkevold.

Misbrukt sjanse

Joachim Magnussen vart spelt gjennom midten av Erik Sandal i det 23. speleminuttet, men avslutninga gjekk midt på keeper. Ein misbrukt sjanse for Hødd.

Bortelagets Morten Sundli var først på eit hjørnespark etter 32 minutt, men headinga gjekk like over tverrliggaren til Andreas Lie.

Med 38 minutt på klokka fekk Helland ein ny sjanse til å teste skotfoten sin. Etter å ha blitt spelt gjennom av Sandal klemde han til rundt 16-meteren, men avslutninga segla utanfor den lengste stolpen.

Klabb og babb

På eit frispark frå Sandal greidde ikkje keeper Rotevatn å halde ballen i fast grep. Etter litt blabb og babb inne i femmeteren fekk Steffen Moltu ein fot på ballen og pirka inn målet.

I ei elles roleg periode prøvde Fredrik Aursnes lukka utanfor Mjøndalsen 16-meter i det 63. speleminuttet. Forsøket gjekk ein meter eller to utanfor.

Kontrovesiell utvising

Mjøndalen var meir med dei siste 45 minutta, og hadde  ballen mest etter kvilen.

Heimelaget fekk ei tøff oppgåve i sluttminutta då Joachim Magnussen fekk sitt andre gule kort for kvelden, og Hødd vart reduserte til 10 mann. Situasjonen såg noko merkeleg ut, og Magnussen sjølv meiner han ikkje høyrde at dommaren hadde blåst.

Vikebladet Vestposten sin sjansestatistikk viste 3 sjansar til begge laga.

Kampfakta:

10. runde Adeccoligaen 2013Hødd – Mjøndalen 1-0 (0-0)HøddvollTilskodartal: 1665 selde billettar og sesongkortMål: 1-0 Steffen Moltu (50)Dommar: Christian Moen, Løvenstad - 3Gule kort: Joachim Magnussen, Sivert Nilsen, Hødd. Anders Karlsen, Mjøndalen.Raude kort: Joachim Magnussen, Hødd.

Hødd (4-2-3-1): Andreas Lie - Akeem Latifu, Jesper Tørnqvist, Steffen Moltu, Victor Grodås - Sivert Nilsen, Fredrik Aursnes - Pål Helland (Robin Hjelmeseth, 85), Erik Sandal (Tobias Vibe, 89), Vegard Heltne (Rune Ertsås, 65) - Joachim Magnussen

Mjøndalens lag:

(4-4-2): Anders Rotevatn - Stian Aasmundsen, Morten Sundli, Kristian Onstad, Joachim Olsen - Stian Ohr, Anders Karlsen, Christian Gauseth, Mads Hansen - Jonathan Borrajo, Pål Kirkevold