Dagleg leiar Thor Ove Nedrelid legg ikkje skjul på at tidene var vanskelege for Total-Bygg for ei tid tilbake. I ein periode gjekk det trekt å få selt husa dei hadde ført opp i Hofsetsvingane i Ulsteinvik, og leilegheitene på Brekkebakk i Hareid.

Store omstillingar

I rekneskapen for 2015 tok selskapet store kontrollerte tap for å kvitte seg med uselde prosjekt. Også første del av 2016 vart brukt til å rydde i porteføljen.

– Vi har gjennomført store omstillingar, og det har ikkje vore noko suksesshistorie for dei som miste arbeidet sitt. Men tiltaka måtte til for å skjerpe konkurransekrafta, forklarer han.

Godt sal i Hofsetsvingane

No har det altså snudd. Så å seie alle husværa på Brekkebakken er selde, og salet i Hofsetsvingane har tatt seg godt opp.

I løpet av 18 månader har Total-Bygg selt 18 hus i Hofsetsvingane. Hittil i år har dei selt fem.

– Hofsetsvingane blir som ein ny bydel, og vi har prosjektert inn totalt 45 einebustader i rekke. Dette er store einebustader, der kundane har høve til å endre på utforminga, forklarer Nedrelid.

Han trur at ei av årsakene til at dei sleit med å selje bustadene i starten, var at det store området såg uryddig ut. Mykje tre måtte fellast, og det var vanskeleg for kundane å sjå kor fint der ville bli.

Klare for Iverskogen

Litt det same er tilfellet i feltet «Iverskogen», som Total-Bygg no har under opparbeiding i Grimstadgeilane på Hareid.

– Først då trea på området vart felte, såg vi utsikta som openberra seg over både Grimstadvatnet, Snipsøyrvatnet og Hareidsvika.

No er tømmeret i ferd med å bli fjerna og området blir rigga. Til sommaren skal også Hareid kommune vere ferdig med sin del av jobben.

– Vi merkar at Hareid kommune har lyst til å få fortgang i dette feltet, kommenterer Nedrelid, som har registrert god interesse for Iverskogen blant folk som er på leit etter hus.

Totalt skal det førast opp 19 bueiningar i Iverskogen. Fire einebustader, eit rekkehus med tre husvære og ein tomannsbustad. Der er også regulert inn to tomter med plass til to firemannsbustader.

Firmaet Brekke & Kleppe er grunnentreprenørar, og i følgje Nedrelid skal feltet vere klart til utbygging til sommaren.

– Iverskogen ligg forholdsvis sentrumsnært, og på sykkel tek det fem minutt både til Hareid sentrum og Bigset. Feltet blir naboar til Geilane, der det alt er eit etablert felt. Dei nye husa får høg kvalitet, og dette vil vere med på å tekke opp verdien på dei husa som alt er i området, meiner Nedrelid.

Han legg til at det i Iverskogen blir husvære både for småbarnsfamiliar og godt vaksne.

Førebels har Total-Bygg berre ein situasjonsplan over «Iverskogen», men i løpet av nokre veker skal dei har klar 3D-illustrasjonar.

Etter ein heller laber periode har altså husbygginga tatt seg opp att.

– Eg meiner at både Total-Bygg og andre selskap vil kome styrka ut av oljebremsen. For vår del opplever vi no mykje interesse frå folk som jobbar i bransjar og selskap som vi ikkje har selt til dei siste 2,5 åra. Og ikkje berre sporadisk, men systematisk. Dette er sjølvsagt ikkje nokon «statistisk korrekt indikator» på at ting er i betring, men vi bur på ein stad som er utprega sensitiv for opp- og nedgang i maritim næring, og med svært gjennomsiktige forholda. Interessa for å investere i bustad er ofte tett knytt opp mot framtidstrua. Vi meiner derfor at endringane vi opplever er eit teikn på at framtidstrua i viktige sektorar er i ferd med å vende tilbake, seier Thor Ove R. Nedrelid.

Etter ein heller treg start går no salet av store einebustader i rekke godt i Hofsetsvingane. Dagleg leiar Thor Ove R. Nedrelid i Total-Bygg meiner det vitnar om framtidstru. Foto: (Arkiv).