(Sunnmørsposten): – Rugby dukka opp på byrjinga av 1900-talet og er ein anglofisert idrett, det vil seie at den blei utøvd i England og det engelske imperiet sine mange kolonistatar. I England skapte rugby eit klasseskilje. Overklassen spelte på sine eigne grasbaner som var innegjerda med murar. Medan arbeiderklassen spelte utanfor murane, på grusbaner.

Forklarar Karl-Fredrik Velle. Han er frå Fiskå i Vanylven, men er no busett i Porsgrunn. Der han speler rugby på eitt av landets beste lag.

– Det var under ein periode på to år då eg jobba i Zimbabwe sin hovedstad Harare som medlem av Idrettens Fredskorps, at eg blei bitt av rugby-basillen, seier Velle.

Velle var også i si tid elev ved Ulstein vidaregåande skule.

Bur i Porsgrunn

Då han kom tilbake til Norge blei Porsgrunn base for hans vesle familie. For sambuaren Caroline er frå grenlandsbyen. Dei har ein son på to år, som i likskap med pappa har stor sans for rugby.

– Eg er styremedlem i rugbyforbundet der eg jobbar med trenar- og klubbutvikling. Det er eit arbeid eg gjer på dugnad. For min faste jobb er hos Norges Bowlingforbund der eg har full stilling som utviklingsansvarleg, seier den allsidige 28-åringen. Han har bachelorgrad i psykologi og coaching.

– Rugby ser ut som ein brutal idrett, er det mange skadar?

– Nei, faktisk ikkje. Vi lærer både korleis vi skal takle og bli takla. Det kan bli temperatur under kampane, men disiplin er faktisk eit vesentleg moment. Ein seier at «rugby is a hooligan-sport played by gentlemen». Etter kampane samlast gjerne begge lag for eit felles måltid og sosialt treff, påpeikar Velle.

Håper på ny Sunnmøre-interesse

Først i 2009 blei det organiserte kampar i Norge då tre klubbar blei danna. I år er det 11 lag i serien, fordelt på ei gruppe i nord og ei i sør.

– Vi i Porsgrunn Pirates speler i avdeling sør og blei nummer to bak Stavanger. I semifinalen av NM-sluttspelet slo vi Trondheim 26–12.

– 18. november er det klart for finale, mot Stavanger. Det blir truleg ein veldig jamn kamp der vinnaren får kongepokalen. Det er første gang pokalen settast opp i norsk rugby, seier Karl-Fredrik Velle.

Han håpar også at interessa for rugby kan blomstre opp igjen på Sunnmøre etter at det var eit lag som trente i Ålesund og Ulsteinvik for få år sidan.

– Norge har fått eit godt landslag som blei nordiske meistrar i år. Drømmen er å kvalifisere seg til VM i England i 2021, seier rugbyentusiasten Velle.

Som til slutt fortel at fem av lagkameratane hans er med på landslaget.

Denne saka stod først på trykk i Sunnmørsposten. (Ekstern lenkje).

Karl-Fredrik Velle kjem frå Fiskå i Vanylven. Foto: Privat.