– Du kan no sjå, det er med livet som innsats vi går her.

Klokka viser 11 ein måndag formiddag og lokalavisa går saman med Solfrid Alme frå eigedomen hennar mot Dragsundbrua. Store og små køyretøy susar forbi i 60-sona.

– Akkurat no er eigentleg den stillaste tida på døgnet. Du skulle ha høyrt i 4-tida om natta, då høyrer vi godt desse store bilane som fraktar laks, dei tek sats for å kome seg over brua, fortel Alme.

Lysregulering

Ho og mannen, Tor-Erik Sundby, er to av dei som har sendt brev til vegvesenet om den planlagde gang- og sykkelvegen. Til saman har det kome rundt ti innspel til planen, opplyser Statens vegvesen.

Solfrid Alme meiner vegen bør byggast til over Dragsundbrua, i staden for å stoppe nokre hundre meter før brua.

– Det er då seks hus her som ikkje får tilknyting til gang- og sykkelvegen. Viss vegen skal slutte der, må det i alle fall kome overgangar, seier Alme.

I brevet til vegvesenet foreslår ho også at vegen frå Garnesvatnet over brua til Dragsund vert delt i EI køyrebane og ein gang- og sykkelveg, noko som inneber lysregulering av køyrebana.

– Litt ventetid blir det, men at dei køyrande kanskje vil bruke 2–5 minutt ekstra på å kome seg over brua, kan ikkje vere viktigare enn tryggleiken for dei mjuke trafikantane, seier Alme.

Fleire innspel

Gang- og sykkelvegen skal etter planen altså ikkje gå over Dragsundbrua, men stoppa eit stykke før. I innspela til vegvesenet frå dei som bur langs strekninga Garnes-Dragsund heiter det mellom anna:

«Det er livsfarleg å gå langs denne vegen slik det er no.»

«Det er ein farleg plass å krysse, samt å gå der no for å nå buss på busslomme for meg og besøkande.»

«Løysinga bør også omfatte mjuke trafikantar som skal over Dragsundbrua.»

«Det blir ei ny trafikkfelle for mjuke trafikantar på strekket dersom ein legg inn kryssing av bilveg med gang- og sykkelveg.»

Frå 1953

– Du ser den store lastebilen der? Det er problem når to bilar møtest på brua. Då har dei problem med å passere kvarandre, seier Solfrid Alme gjennom støyen frå trafikken.

Vi har kome til starten på Dragsundbrua. Store og små bilar køyrer forbi og over den 229 meter lange brua som stod ferdig i 1953. – Det er veldig mykje trafikk, og det ser berre ut til å auke, seier Solfrid Alme.

Fungerande lensmann i Ulstein og Hareid, Leif Arne Mork, seier det er overraskande få ulukker på Dragsundbrua.

– Kvifor meiner du det er overraskande?

– Jau, fordi brua er veldig smal og det går mykje tungtrafikk over brua, seier Mork.

Han trur få ulukker kjem av at mange av dei som køyrer der køyrer strekninga dagleg, og at dei difor er klar over at dei må vere forsiktige når dei køyrer over Dragsundbrua.

Høg fart og stor trafikk

Det har ryke mange førarkort på strekninga mellom Garnes og Dragsund. I tillegg har politiet skrive ut mange bøter for høg fart.

I juni 2015 mista til dømes tre personar «lappen» etter å ha køyrt for fort på Garnes. Høgaste fart vart den gongen målt til 108 kilometer i timen.

I mars og april i år rauk det til saman seks førarkort på strekninga. Dei tre sjåførane køyrde frå 88 til 101 kilometer i timen.

Dei nyaste trafikkteljingane frå Statens vegvesen viser at det kvart døgn køyrer i gjennomsnitt 6200 bilar på denne strekning. Det er 630 fleire køyretøy i døgnet enn for fire år sidan. Tala er det som vert kalla årsdøgntrafikken, eller ÅDT.

Fungerande lensmann i Ulstein og Hareid, Leif Arne Mork, seier hans inntrykk er at det er behov for ein gang- og sykkelveg i området.

Nedprioritert

Solfrid Alme seier at strekninga har vore nedprioritert i mange år. Og det var det som skjedde på sist møte i fylkestinget: gang- og sykkelvegprosjektet gjekk frå femte- til fjortandeplass.

– For politikarane er det lett å flytte på små tal og heller prioritere prosjekt som dei trur gir fleire stemmer. Gangvegen kjem nok ikkje før brua kollapsar, og då vert det pengar til både gangveg og ny bru, seier Alme.