Den jordnære Dimna IL-utøvaren var måndag på besøk ved Ulstein vidaregåande skule, der han sjølv var elev inntil i fjor vår. Der prata han til elevane på Vg1 idrett, og gav gode råd kring både trening, kosthald og ikkje minst, fokus på skulearbeidet.

– For min del kom eg meg gjennom vidaregåande med ganske greie karakterar, som gjorde at eg kom inn på det studiet eg ville då eg flytta til Oslo for å satse ytterlegare på friidretten, sa Karsten Warholm til elevane og la til:

– God planlegging var viktig for min del då eg gjekk her, og det er viktig for de som går her no. Eg veit det ikkje er like lett å motivere seg kvar dag, men tenk at du får mykje igjen for det om du faktisk gjer ein innsats.

OL og vegen vidare

Hovudpersonen sjølv var veldig avslappa der han sat på kateteret og mellom anna fortalde om opplevingane sine på friidrettsbana så langt, og det definitive høgdepunktet, OL i Rio de Janeiro.

– Det var berre den heilt spesielle stemninga som gjorde det ekstra stort for meg. Det å vere i eit OL er noko anna enn å vere med på Dimnaleikane, sa Warholm til smil og latter frå salen.

Etter prestasjonane i OL har oppdrag og spørsmål frå alle kantar stått i kø for Karsten. Såpass pågang har det vore at mamma Kristine har blitt som ein sekretær for Karsten til tider. Utan ho hadde han fått problem med å ha oversikta over alt folk og bedrifter vil ha han med på.

Skrytte av skulen

Warholm passa også på å slengje inn nokre gode ord om Ulstein vidaregåande skule og lærarane han hadde.

– Idrettslinja gav meg det spelerommet eg trengde på den tida. Det var eit godt miljø å vere ein del av, og eg hadde ein mangslungen og variert kvardag. Eg fekk tida til å utvikle meg, seier Karsten Warholm avslutningsvis.