Kultursjef Leif Ringstad opplyser at dei etter det flotte fyrverkeriet i samband med Ulstein Hotell si 100-årsmarkering, har kome mange oppmodingar om at kommunen må ta initativet til ei felles fyrkerkerioppskyting i Ulsteinvik nyttårsafta.

- Tanken er at vi ved å sende opp alt fyrverkeri frå moloen på Saunes får eit mykje flottare fyrverkeri enn om folk står rundt om i bygda og sender opp nokre raketter kvar for seg, forklarer Ringstad.

Men Ulstein kommune kan ikkje bruke mykje pengar på rakettar, det seier seg sjølv.

Innsamlingsaksjon på gang

- Vi er alt i gang med ein liten innsamlingsaksjon, og vi har fått inn såpass mykje pengar, i hovudsak frå næringslivet, at vi er sikre på at det blir fyrverkeri.  Men for at det skal bli så spektakulært som råd treng vi drahjelp frå folk flest. Dei  som i staden for å kjøpe eigne rakettar, betaler ein sum inn til konto 6568.05.43458, er med på å sponse fellesfyrverkeriet, forklarer Ringstad.

Han tenker at eit slikt fellesarrangement kan vere samlande for innbyggjarane i Ulstein, og viss veret blir bra, kan det bli ein skikkeleg folkefest.

Planen er at dette skal vere eit arrangement for heile familien, og fyrverkeriet er derfor lagt tl klokka 22.00. Folk kan då samle seg på ulike stader i sentrum, til dømes på Geileneset, Vikholmen, Saunesparken og Sjøsida.

- Kanskje kan vi også få på plass bålpanner og servering av ein varm gløgg, seier kultursjefen.