– Som minste kommune her føler vi oss litt utsett i ei kommunereform, sa Sande-ordførar Dag Vaagen (H) til forsamlinga under ein naboprat mellom Sande formannskap og Herøy formannskap onsdag. Det skriv Sunnmørsposten.

Sande-ordføraren presiserte ovanfor dei frammøtte at han ikkje ser for seg å slå saman Herøy og Sande, og berre dei to.

– Primært ser vi for oss å vere i lag med fleire kommunar, sa Vaagen vidare ifølgje smp.no.

Deler øy

Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr meiner at Herøy og Sande har eit så godt auge til kvarandre, at dei i fellesskap kan avklare fleire spørsmål mellom seg, før eventuelt samanslåingar med andre kommunar blir aktuelt. Hareid og Ulstein kan bli aktuelle å snu seg til, nemnde ordføraren kort.

– Herøy og Sande deler ei øy. I den grad det blir kommunesamanslåing, blir Herøy og Sande i lag, sa Goksøyr vidare ifølgje avisa.

I tida framover skal tre frå kvar kommune gå saman for å drøfte reforma. Dette blir ordføraren, rådmannen og ein frå opposisjonen.