Det er mykje å gle seg over om dagen for ungjenta Edel Charlotte Eiken Fosse frå Ulsteinvik.

Sist helg tok ho både individuelt gull og laggull under turn-NM for juniorar i Stavanger. Eiken Fosse heldt fram med å turne godt også denne helga, då ho tok sølv under firekamp i Norgescup for internasjonale klasser i Asker.

Under Norgescupen turna Edel Charlotte til ny bestenotering med 48,0 poeng.

Trenar i IL Hødd Turn, Vidar Fosse, fortel at det også vart bestenotering for Edel Charlotte i skranke, bom og hopp. Med gode prestasjonar var ho kvalifisert til finale i alle apparat på sundagen, og der gjekk det veldig bra for den unge turnaren.

Med nye bestenoteringar både i hopp, skranke og bom kunne Eiken Fosse juble for gull både i hopp og skranke, medan ho tok sølv både i bom og frittståande.

Og den unge Hødd-gymnasten, som denne sesongen representerer Nidaros turnforening, har meir å sjå fram mot. I slutten av mai er ho nemleg ei av fem juniorar som er tekne ut til å representere Norge under EM i Bern.

Dit reiser fem juniorar og fem seniorar frå Norge til eit meisterskap som varer frå 29. mai til 3. juni. Eiken Fosse har også tidlegare representert Norge. I 2015 var ho med på det norske laget som turna under Flandern International Team Challenge i Gent.