Tysdag har vore ein trøblete dag for ferjetrafikkantane på strekninga Hareid-Sulesund, og vikebladet.no fått fleire sinte telefonar frå folk som skulle over Sulafjorden.

Redusert kapasitet har gjort at det i periodar har stått att mykje bilar på dei mest trafikkerte avgangane. Og i dag ettermiddag toppa deg seg då bilane måtte rygge om bord i "Ullensvang". Dermed var det redusert kapasitet på både A- og B-ferja.

Ferjesjef Inge Andre Utåker i Norled opplyser at det er problem med hydraulikken på løftebaugen på eine sida av ferja.

- Dette gjer at vi berre kan ta bilane av og på ferja via den eine enden, forklarer han.

Då ferja gjekk frå Hareid klokka 15.10 stod det att 5-6 rader med bilar som ikkje fekk plass om bord.

Ferjeselskapet Norled sende klokka 15.45 ut følgjande varsel:

- Normal kapasitet i rute B. Det kan påreknast noko forseinkingar som gradvis blir tatt inn.

Hydraulikken skal no vere i orden igjen.

Attståande bilar framleis

Men forseinkingane var ikkje tatt inn att klokka 16.15.

- Det står bilar i ferjekø nesten heilt bort til rundkøyringa. I alle fall forbi Hareid rådhus, fortel ein av innringarane.

Han rapporterer om store asfaltbilar og vogntog frå Spenncon som skal om bord, og som er fortvila over at dei blir forseinka med oppdraga sine.

- No må det snart vere nok. Ein ting er at "Tidefjord" er på årleg serviceopphald, men det er ikkje godt nok at det er ferjene "Ullensvang" og "Høgsfjord" som går i sambandet, seier ein av innringarane.