Sørøyane Røde Kors, Ulsteinvik Småbåtlag og Ulstein Seilforening har gått saman og danna stiftinga «Vikholmen». Dei ønskjer å overta og kjøpe Aktivitetshuset i Ulsteinvik, der føremålet er i drifte aktivitetshuset etter opphavleg føremål.

Alle tre organisasjonane har lokal maritim tilknyting. Kjøp og overtaking av huset er midt i blinken for dei tre laga som i dag har mesteparten av aktivitetane sine i same området som huset ligg. Dei har til saman ein medlemsmasse på 800 medlemer. Dei meiner dei kan ta over Aktivitetshuset på ein god og forsvarleg måte som også kan komme bygdas innbyggjarar til gode.

Finansiering

Kvar av dei tre laga går inn med 150 000 kroner i eigenkapital. I tillegg vil dei låne 2 millionar i banken. Stiftinga har søkt Ulstein kommune om å stille med kommune lånegaranti til kjøp av Aktivitetshuset. Då oppnår dei «kommunalt rentenivå» i banken.

Den nye stiftinga har ikkje som mål å tene pengar på å drive dette huset. Eventuelt overskot vil bli ført tilbake til huset i form av oppgradering, vedlikehald og investering av nytt inventar.

Positive politikarar

Ulstein kommunestyre vedtok torsdagskvelden samrøystes at kommunen stiller som garantist for lån på opp til to millionar kroner. Garantien må godkjennast av Fylkesmannen. Kommunen tek pant i Aktivitetshuset for lånet.

Vil søkje om salssummen

For å gjere Aktivitetshuset til eit attraktivt å leige vil dei totalrenovere kjøkkenet, skifte ut eller slipe ned golvet i storsalen og det skal målast her og der. Stiftinga treng pengar ut over kjøpesummen. Dei søkjer difor kommunen om eit kommunalt tilskot frå pengane kommunen vil få for salet av huset. Det blir lagt fram som eiga sak i Levekårsutvalet.

Det vart stilt spørsmål på møtet om kommunen gjennom lånevedtaket bind seg til å løyve pengar i levekårsutvalet, men det forsikra ulsteinordførar Knut Erik Engh om at ein ikkje gjer.

Venstrerepresentant Eldar Knotten varsla at han har økonomiske interesser i denne saka, og sa seg difor ugild.