Grim & Gryt Økobryggeri frå Hareid skriv i ei pressemelding at bryggeriet endeleg er klare med kortreist handverksøl i utvalde butikkar på Sunnmøre. Det er ølet ”Fish & Ships maritime pale ale”, som no finn vegen ut til forbrukarane, og Grim & Gryt har sendt frå seg 3500 flasker merka Batch nr. 1.

– Det har vore ein lang prosess for å kome i mål, men vi er veldig godt nøgde med vårt første brygg, ”Fish & Ships maritime pale ale”, som vi no får ut i sal, seier produksjonssjef Andreas Grimstad i pressemeldinga.

Grimstad legg til at 3500 flasker er levert til utvalde butikkar, restaurantar, hotell og serveringsstadar og at dei kjem i sal denne veka. Ifølgje Andreas Grimstad blei også eit nytt brygg flaska før helga.

Lokale kunstnarar

”Fish & Ships maritime pale ale” er ifølgje Grim & Gryt eit koparfarga, fruktig overgjæra øl med tydeleg humlepreg og bitterheit. Ølet har fått eit namn som fungerer som ein hyllest til dei historisk sett viktigaste næringane på Sunnmøre, fiskeri og skipsbygging, noko kunsten på etiketten også skal spegle. Det er teikna av Eva Hessen frå Ålesund.

– Alle øltypane skal ha etikettar med eigne kunstverk forma ut av kunstnarar med tilknyting til Sunnmøre. Meininga er at kunstverket og innhaldet i flaska skal utfylle kvarandre. Godt øl er òg kunsthandverk, og på denne måten får vi profilere kunst og andre handverk gjennom vårt eige produkt,” seier dagleg leiar Øyvind Grimstad Gryt i pressemeldinga.

Fleire typar på veg

Grim & Gryt Økobryggeri nærmar seg også å vere klare med fleire ølsortar.

– Allereie denne veka skal vi produsere vårt tredje brygg. Då er dei ein lys øltype med namnet 6060, kalla opp etter Hareid sitt postnummer, som står for tur, fortel Andreas Grimstad.

Seinare har Grim & Gryt planar om endå to nye ølsortar for sal i butikk, medan ein seinare vil byrje å produsere sterkare øl for sal på Vinmonopolet og utvalde serveringsstadar.