- Det er ikkje så ofte eg blir stille, sa Hanne Notøy etter å ha fått summa seg litt. At ho skulle få Kvinneprisen 2015 kom litt brått på henne.

På La Manga 8. mars

Kvinnegruppa av 1975, som i år har stått for 8. mars-feiringa i Hareid og Ulstein, måtte alliere seg med lokalavisa, og jukse litt for å få delt ut prisen i år. Dei hadde bestemt seg for at Kvinneprisen 2015 skulle gå til Hanne Notøy, men problemet var at ho kom til å vere på La Manga saman med Hødd og Blåsarane 8. mars. Ho vart derfor «lokka» ned i redaksjonslokalet under påskot av at vi ville intervjue henne om ei sak. Og der sat Guri Alme og Hallgerd Conradi med både diplom, grunngjeving og blomster.

- Tydeleg og uredd

- Du er ei tydeleg, ynge kvinne i lokalsamfunnet her i Ulsteinvik. Du har både meiningars mot og ein fargerik, stil, sa Guri Alme. Og medan tårene trilla på hovudpersonen heldt Alme fram med å slå fast at Hanne Notøy har eit stort samfunnsengasjement og er ein person som er villig til å gå nye vegar.

Hanne Notøy har også valt ei litt utradisjonell utdanning for kvinner. Ho har elektrofag frå Ulstein vidaregåande skule, og fekk lærlingplass ved Ulstein Elektro i 1988. Ho har fagbrev som elektromontør, og v art fast tilsett i bedrifta då lærlingtida var over. Ho er engasjert i eiga fagforening, og medlem i Ulstein Arbeidarparti, der ho er inne i si andre periode.

- Eg må få takke for prisen og dei fine orda, sa Hanne etter å ha fått summa seg litt.

Politikar og natteramn

- Når eg engasjerer meg, forventar eg ikkje å få noko anna tilbake enn energi. Så dette er veldig stort for meg.

Hanne Notøy har gjennom mange år vore natteramn i Ulsteinvik, og i tilllegg til plass i kommunestyret, sit ho også på Fylkestinget.

- Av og til kan eg føle at heile bygda går på meg når eg viser meg i sentrum. Men eg likar veldig godt å ha kontakt med folket, og eg sit ikkje i kommunestyret og på fylkestinget som Hanne Notøy, men som ein person valt av folket, understrekar ho.

- Men eg må nok seie at natteramn-ordninga er eit hjartebarn for meg. Å vere saman med ungdom gir meg energi, og der veit eg at eg kan gjere ein skilnad.

Takka arbeidsgjevaren sin

Eg vil gjerne også takke arbeidsgjevaren min for sjansane dei har gitt meg.

Ho kunne fortelje at då fagforeininga skreiv brev til Ulstein Group-selskapet og ba om to observatør i Group-styret, fekk dei til svar frå Idar Ulstein at det var han positiv til, men at viss han kunne kome med eit ønske, så var det at den eine var kvinne.

- Det vart to, Torill Muren og eg. Og då var Idar Ulstein stolt. Bedrifta har hatt ei halding om å heie fram kvinner, seier Kvinneprisvinnaren for 2015 i Ulstein og Hareid.