Rådmann Einar Vik Arset og kommunalsjef Marit Botnen gjer framlegg om at det blir gjennomført ei utbygging og ombygging av Alvehaugen. Føremålet er eit utvida dagtilbod for demente.

Nytt areal på 132 kvadratmeter gjev nytt og utvida areal til dagsenteret og areal til eige pauserom for personalet. Eksisterande pauserom blir omdisponert til dagsenter.

Utbygging og ombygging vil gje betre skjerming av ulike grupper på dagplasstilbod. Kapasiteten blir auka med 12 plassar.

Ombygginga vil også gje eit eige dedikert pauserom til dei tilsette, noko kommunen har fått krav om frå arbeidstilsynet.

Det er arkitekt Magne Bergseth som i samarbeid med verneombod og dei tilsette ved Alvehaugen som har teikna prosjektet.

Saka skal opp i Levekårsutvalet tysdag 1. april. Kostnadsramma vil vere på 4,519 millionar i budsjettet til Ulstein Eigedomsselskap KF. Dei gjennomføre ikkje ombygginga om dei ikkje får støtte frå Husbanken.