Dei er alle tre tilhengarar av Hafast, men ber om at naturreservatet blir skåna så godt som råd.

Runar Haddal og ekteparet Siv Marit Røyset Kaldhol og Terje Kaldhol bur midt i den fredelege idyllen i Kaldholen. Dei bur også omkransa av Grimstadvatnet naturreservat.  Med kongeleg resolusjon vart området fredag i 1983.

Kongeleg resolusjon

- Det var Stortinget som gjorde vedtaket, og eg kan ikkje forstå at Regjeringa med eit pennestrøk kan gjere som dei vil i reservatet, kommenterer Siv Marit Røyset Kaldhol, som sit i Hareid kommunestyre for Arbeidarpartiet.

I planprogrammet til Hareid kommune er det sagt at Hafast-brua skal plasserast mellom Raffelneset og Ovrastranda, og at traseen vidare skal inn i tunnel langs Melshornsida. Komen fram i Kaldholen ein stad blir det ut i friluft, der E39 skal gå vidare langs sørsida av golfbana og til Ulstein kommune.

- Så skånsamt som råd

- Eg er for Hafast, og ser at det vil få stor betydning for regionen vår. Ikkje minst for mobiliteten i arbeidsmarknaden og ringverknadene for næringslivet. Eg forstår også at nokon vil bli råka meir enn andre, og eg må berre akseptere at eg kan bli ein av dei, kommenterer Runar Haddal.

Han meiner likevel det er svært viktig at inngrepa i naturreservatet blir gjorde så skånsamt som råd.

Terje Kaldhol varslar at han kjem i alle fall til å ta kontakt med miljøvernorganisasjonar.

Fryktar rasering

- Eg fryktar at naturreservatet på nordenden av Snipsøyrvatnet blir rasert. Blir det øydelagt, vil det til sist øydeleggje heile naturreservatet, seier Kaldhol.

Etter at Hafast er opna er det ikkje utenkjeleg at døgntrafikken i snitt blir på 15.000 bilar. Kaldhol grøssar når han tenkjer på alt saltet som vinterstida vil sive ned i naturreservatet.  Han minner om at våtmarksområdet som Rotarystien går gjennom er rekreasjonsområde for folk i heile kommunen.

Sjølv om det kanskje blir laga ei bru på pålar over vassdraget, vil det bli forureining likevel.

Siv Marit Røyset Kaldhol synest det har vore for lite debattert i kommunestyret om kvar traseen skal gå. Alle tre understrekar at dei ikkje er talspersonar for eit strategisk spel om kvar vegen skal gå.