Etter å ha susa forbi ei fullsett badestrand i Eiksund, kom endeleg KORK til bygda torsdag ettermiddag. Bygdefolk, små syngjange born og kajakkpadlarar venta forveningsfullt på Eiksund badestrand torsdag kveld,  på at KORK skulle kome til bygda. Gjennom dei siste dagane har NRK vore svært aktiv i kommunane Ulstein og Ørsta der dei har spela inn storsatsinga, «Då KORK kom til bygda».

Susa forbi

Musikktalenta Bror Magnus Tødenes frå Eiksund, Chris Masters frå Flø og Eirik Stave frå Ørsta skal medverke i ein stor konsert i Hareidshallen saman med Kringskastingsorkesteret laurdag kveld. Som ei oppladding til denne konserten, inviterte NRK saman med Eiksundbygda og kommunale representantar innbyggjarane sine til strandfest med programleiar Ingrid Gjessing Linhave i spissen.Fleire lokale born, med flotte t-skjorter med påskrifta "Eiksund", hadde danna eit stort og flott barnekor som skulle syngje Kringkastingsorkestert velkomen til bygda. Men stemmebanda fekk kvile nokre ekstra minutt, medan bussen med musikantane susa forbi badetranda med ei stor gruppe vinkande musikantar i bussvindauga. Etter at bussjåføren fekk snudd bussen på Eika og returnert til korrekt bestemmelsestad, fekk Kringkastingsorkesteret sleppe ut av bussen, der dei vart møtt av eit stort publikum og barnekornet som song dei velkomen med «Mellom bakkar og berg». Barnekoret fekk både Gjessing Linhave og Kringkastingsorkesteret til å smelte.

Som kongelege

Dei fleste kjenner programleiaren Ingrid Gjessing Linhave frå «Nytt på nytt» som vert sendt på NRK om fredagskveldane. Linhave er kjent for spreke kommentarar og eit svært godt humør. Humøret tok ho heilt klart med seg til Eiksund denne torsdags ettermiddagen. Eg har vore på farta heile tida nesten utan stopp. Det kjenns nesten ut som at eg har ete eit heilt kilo med sukker. Masse energi og godt humør, ropar Linhave i mikrofonen. Etter å ha fleipa litt med sunnmørsdialekta, fortel ho at det også er litt alvor bak strandfesten i Eiksund.Kringkastingsorkesteret ser eg på som kongelege. Dei er store. Først rekkja kjem kongen, så kjem Kringkastingsorkesteret, ordførarar, menn med medalje og vanlege folk som oss. For å kunne skape ein bra konsert på laurdag må eg få aksept av medlemmane i Kringkastingsorkesteret. I tillegg treng vi skikkeleg dugnadsand. Har de de, ropar Linhave i mikrofonen, som ganske kjapt får eit brølande «JA» til svar.

Du er straks klar»

Linhave sin veg mellom alvor og humor er kort. Sundag, då NRK møtte Eiksundbygda og Eiksund samlingshus for første gong, vart den energiske programleiaren stupforelska i den godt gifte røyrleggjaren Erling Ødegård frå Eiksund. Ødegård vart utpeikt som Linhave sin personlege assistent, og var også tilstades på badestranda torsdag ettermiddag. - Erling, der er du, ropar Linhave forelska, som leitar fram lipglossen som Erling får i oppgåve med å smørje på.- Er eg klar, spør Linhave. - Du er straks klar, svarar Erling med ei stødig hand. Vidare går feste føre seg som den skal på badestranda, med ein flott naustkafe, opne grillar med grillmat, hoppeslott for dei minste, og ei strålande stemning blant dei frammøtte, som såg ut til å kose seg skikkelig saman med både NRK, Kringkastingsorkesteret og Ingrid Gjessing Linhave.