Geir Sivertstøl, styreleiar i Ulsteinvik Bibelsenter, har sendt brev til Stiftinga Ulstein Aktivitetshus, med kopi til Ulstein kommune, om at dei kan tenkje seg å kjøpe aktivitetshuset på Store Vikholmen.

Sivertstøl skriv at sidan hausten 2009 har dei vore den største leigetakaren av huset. Dei har ein leigeavtale som går ut 31. 12. 17.

Alt i 2009 skal Ulsteinvik Bibelsenter ha vist interesse for å kjøpe huset, men det fekk dei ikkje. Dei fekk først heller ikkje leige det, for huset var i for dårleg stand. Men etter Ulsteinvik Bibelsenter gjorde dei investeringane som var påkravd, fekk dei leige huset. Og også fleire andre lag og organisasjonar ville leige huset etter oppgraderingane var gjort, skriv Sivertstøl.

Ulsteinvik Bibelsenter ønskjer å kjøpe Aktivitetshuset for å drive det vidare som eit forsamlingshus der dei faste leigetakarane kan halde fram med å ha samlingane sine, som Ulstein/Hatlø Pensjonistlag og Ulstein Kunstlag. Dei vil også vidareføre den sanitære delen som er leigd av kommunen til gjestebrygge.

Ønskjer open dialog

– Stemmer det at Ulsteinvik Bibelsenter først ikkje fekk leige lokale, for huset var i for dårleg stand?

– Det kjenner eg ikkje til, svarer Ole Martin Grevstad som er styreformann i Stiftelsen Ulstein Aktivitetshus.

– Har dei ytra interesse av å kjøpe huset?

– Ja.

– Kva skjer med leigeavtalen?

– Her vil styret ha ein open dialog med alle leigetakarane å forsøkje å finne tenlege løysingar når prosessen med nedlegging har konkrete verknader på leigeforholdet, svarer Grevstad til Vikebladet Vestposten.

Kommunen har god tid

Rådmann Einar Vik Arset seier at kommunen er representert i stiftinga. Stiftinga arbeider med å avvikle seg sjølv. Å avvikle ei stifting er noko som tek tid, og det skal det gjere. Kommunen har nok forkjøpsrett på å kjøpe huset, men Arset seier at det kan godt hende at huset blir seld på den opne marknaden i staden.

Her vil kommunen ta seg god tid. Det er framleis ikkje konkludert kvar arbeidskyrkja skal liggje, og reguleringa av tomta er med på å styre kva området kan bli nytta til.

– Så toget har ikkje gått for at Ulsteinvik Bibelsenter kan kjøpe huset?

– Nei, toget har ikkje gått.

Trivst godt på aktivitetshuset

Geir Sivertstøl, styreleiar i Ulsteinvik Bibelsenter, meiner Ulsteinvik treng eit aktivitetshus i den storleiken.

Ulsteinvik Bibelsenter har leigd Aktivitetshuset på Store Vikholmen fast sidan 2009, og her vil dei halde fram med å vere. Dei kan gjerne tenkje seg å kjøpe huset og halde fram drifta på same vis om huset har vore drive siste åra.

– Det er meir eller mindre me som har drifta huset sidan me kom inn her, seier Sivertstøl til lokalavisa.

Får dei ta over bygget vil det framleis vere eit hus for bygda.

– Ulsteinvik treng eit samfunnshus i denne storleiken, seier han.

– Men om her kjem ei arbeidskyrkje i staden, kan de ikkje då leige eit rom med dei?

– Eg kjenner ikkje til den vinklinga og kva planar som ligg der, svarer Sivertstøl.

– Her er no ei arbeidskyrkje no, legg han til.

Ulsteinvik Bibelsenter har arrangement i heile huset kvar torsdag og sundag. Når dei har store arrangement kan dei ha hundre deltakarar på møta.

– Det kjem fleire slike arrangement utover våren, varslar Sivertstøl som framleis ventar på svar frå stiftinga på brevet sitt.