I går, tysdag ettermiddag, hadde formannskapa i Ulstein og Herøy felles møte der dei diskuterte kommunereforma. Møtet fann stad på Quality Hotell Ulstein og der var Ulstein formannskap som var vertskap for møtet. Ulsteinordførar Jan Berset har bede inn kvar og ein av dei sju kommunane på Søre Sunnmøre til ein naboprat.

Formannskapa i Hareid og Ulstein har hatt fleire møte i lag, men Herøy var første nabo ut i denne "nabopraten".

Møtet gjekk føre seg i ein roleg og diplomatisk tone. Men det var tydeleg at dei to kommunane har ulik tilnærming til kommunereforma.

- Me er opne for samarbeid i alle retningar, erklærte Berset og orienterte om at Ulstein kommune ønskjer å heve blikket og sjå moglegheiter. Dei kan tenkje seg å slå saman dei fire kommunane på Ytre Søre Sunnmøre, det kan vere dei sju kommunane på Søre Sunnmøre, men dei er også med i eit fora som ser på moglegheita for at fleire kommunar på Sunnmøre slår seg i hop med Ålesund.

Arnulf Goksøyr og resten av medlemene i Herøy formannskap var langt meir skeptiske til kommunereforma. Dei såg fleire spørsmål enn svar. Tine Storøy sa at ho er ikkje sikker på om dei er så negative som dei kanskje framstår til kommunesamanslåing, men dei veit lite, difor blir dei skeptiske.

Meir i papiravisa torsdag 11. juni