NRK Møre og Romsdal skriv at Helsetilsynet fleire stader i landet har avdekt at personar med utviklingshemming ikkje får den hjelpa dei har krav på. Nokre tilsette manglar kompetanse i mellom anna førstehjelp.

I rapporten frå tilsynet i Ulstein står det at det jamleg oppstår situasjonar om natta der det ikkje er tilstrekkeleg med tilsette til stade for å yte naudsynte tenester. I eit tilfelle er det systematisk for lite tilsette på ei vakt i turnusperioden.

Ulsteinordførar Knut Erik Engh kommenterer til NRK Møre og Romsdal at dei 33 utviklingshemma som mottar hels- og omsorgstenester i komunen generelt får god hjelp. Det er mange flinke tilsette som er pliktoppfyllande. Han meiner kommunen er for lite flinke til å dokumentere kva dei gjer, og at dei har gjort tiltak for å lukke avvika.