Fredag kom nyheita om at Det norske Oljeselskap og BP Norge slår seg saman, og lagar eit nytt oljeselskap på norsk sokkel, Aker BP. Selskapet skal børsnoterast.

Røkke eig halvparten av Det norske oljeselskap, som kjøper BP si norske verksemd, og dette er nok eit ledd i ei storsatsing frå moldensaren og mangemilliardæren på olje og gass.

For tysdag kom nyheita om at Røkke-kontrollerte Aker kjøper seg inn i Solstad Offshore. Ei gladmelding meiner Island Offshore sin administrerande direktør og medeigar, Håvard Ulstein.

– Kjell Inge Røkke har sagt ved fleire høve tidlegare at han har stor tru på offshore, og at alle som ikkje deler den trua berre bør selje seg ut av industrien. At han sel seg ut av fiske, på eit godt tidspunkt, og går inn i offshore på eit gunstig tidspunkt, viser at mannen har teft. Det er flott at han deler den optimismen mange av oss i bransjen har, seier Håvard Ulstein.

– Må motivere seg

Ulstein trur optimismen vil forplante seg utover i næringa, og at det kan gi positive effektar.

– Eg trur at på eit høgare nivå så er det ein gryande optimisme kring det at ting skal byrje å rette seg no. Ein er nøydde til å motivere seg sjølve. Når vi kjem eit år fram i tid no, så trur eg situasjonen vil vere annleis. Ikkje nødvendigvis at desse båtane vi no har i opplag er i drift igjen, men vi skal ha god drift på dei vi har i sving. Som reiarlag er vi særstilte fordi vi er såpass diversifiserte innan mange ulike segment, seier Ulstein til slutt.

Her står kommunikasjonssjef i Island Offshore, Marianne Hovden, saman med administrerande direktør i reiarlaget, Håvard Ulstein. Ulstein rosar Kjell Inge Røkke for satsinga han no gjer innanfor oljenæringa. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.