- Dei siste av asylsøkjarane blir no flytta over i ordinære asylmottak, heiter det i eit pressemelding frå UDI Midt Norge.

Melshorn Hotell kontrakt til 6. april

Kva konsekvensar dette får for akuttmottaket ved Melshorn Hotell på Hareid veit vi ikkje. Det har ikkje vore råd å få kontakt med mottaksleiar Linda Haddal Røssevoll mandag ettermiddag.

Det har vore om lag 107 asylsøkjarar ved akuttmottaket, som for ei tid sidan fekk forlenga avtalen med UDI fram til 6. april i år.

I samband med den store straumen av asylsøkjarar som kom til Norge i fjor haust, fekk nærare 1600 asylsøkjarar i Trøndelagsfylka og Møre og romsdal mellombels innkvartering. Dei fleste av asylsøkjarane vart flytta til ordinære mottak i løpet av januar, men på grunn av manglande kapasitet måtte UDI Midt Norge forlenge avtalen med nokre av dei mellombelse innkvarteringsstadane fram til no.

I starten av desember hadde UDI på landsbasis avtale om 16686 mellombelse plassar fordelt på 101 stader. Gjennomsnittsprisen for mellombelse passar låg på dryge 700 kroner per døgn.

Beredskap

Hittil i år har det vore ein nedgang i talet på asylsøkjarar som kjem til Norge, og det er stor usikkerheit knytt til tal for kor mange som vil kome i 2016.

- Dersom tendensen med låg tilstrøyming held fram, vil asylsøkjarar følge det normale løpet, som er registrering på ankomstsenter, før dei får opphald i ordinære mottak. I UDI sine mottak er i snitt 15 av 100 plassar ledige for å kunne ta svingingar. I år vil det vere ein større buffer for å kunne handtere større svingingar, opplyser UDI.

UDI jobbar også saman med Justisk- og beredskapsdepartementet med å få på plass beredskapslysingar i tilfelle det kjem svært mange asylsøkjarar.

Flotell, telt- og brakkeleirar

- Direktoratet er i ferd med å opprette nye, ordinære mottaksplassar som kan ta imot asylsøkjarar i løpet av våren og forsommaren. I tillegg kan det vere aktuelt å skaffe kortsiktige, mellombelse plassar. Dessutan satsar UDI på utvikling av beredskapsløysingar som telt og brakkeleiarar, bruk av skip og flotell, i tillegg til konvertering av tidlegare industri- og kontorbygg som mottaksformål. Avtale om flotell er på plass, men bruk av telt- og brakkeleirar må først avklarast politisk. Teltleirar er tenkt å erstatte naudinnkvartering på hotell og campingplassar, medan meir varige løysingar i skip og flotell, konverterte industri- og kontorbygg, og i brakkebyar blir klargjort. Teltleirar kan byggjast ned og erstattast av brakkebyar på same tomt dersom behovet for plassane varer ved eller det nærmar seg vinterhalvåret, heiter det i pressemeldinga frå UDI Midt Norge.