Mari Ann Vattøy er tidlegare sjukepleiar og har sjølv ei demensramma mor på Ulstein sjukeheim. Ho meiner demensomsorga i Ulstein ikkje er god nok.

– Skal eg berre la vere å bry meg? Skal eg berre la det vere slik som det er i dag? Dersom ingen seier noko, blir det ikkje forandringar. Eg klarer ikkje å forstå kvifor eit av verdas rikaste land ikkje har råd til å gje eit verdig tilbod til dei gamle og sjuke, seier Mari Ann Vattøy, og legg til:

– Eg vil presisere at eg ikkje er ute etter pleiarane. Dei gjer ein kjempejobb ut ifrå ressursane som er tilgjengelege. Eg er ute etter dei hendene vi absolutt skulle hatt, og at dei som skal bestemme høyrer på oss, seier ho.

Vikebladet Vestposten hadde i førre veke eit stykke om Gunnar Øvrelid som henta heim kona si frå Hareid sjukeheim, fordi han meiner ho ikkje får det tilbodet ho skal ha. I eit lesarinnlegg i avisa før hevda Øvrelid at tilstandane var mykje betre ved Ulstein sjukeheim, der svigermor hans var ei periode. Det er det som får Mari Ann Vattøy til å ville stå fram. Ho meiner det ikkje stemmer.

– Det er ikkje bra i Ulstein. Eg har prata med fleire av dei andre pårørande. Fleire av dei er slitne, og orkar rett og slett ikkje å stå fram i denne saka. Eg sjølv har mor mi ved skjerma avdeling, og eg er ikkje redd for å seie kva eg meiner, seier Vattøy.

Skal ei demensavdeling fungere så må det vere aktivitetar der meiner Vattøy.

– Når ein ikkje har andre ressursar enn til basispleie, så fell aktivitetsbiten vekk. Då blir det slik som Gunnar (Øvrelid) fortalde om, at kona hans resignerte. Slik er det også med mi mor og dei andre på avdelinga. Ho er fysisk frisk, og har mange ressursar i seg. Men eg føler ho ikkje får brukt det fullt ut. Dei som har demenssjukdomen treng å av og til vite at dei framleis kan meistre noko. Eg veit at dette er noko mange av pleiarane også føler.

Ikkje forsvarleg omsorg

Ho ynskjer ikkje å svartmåle situasjonen, fordi ho veit at dei tilsette gjer det beste dei kan.

– Når slike saker kjem fram er det nok lett for dei tilsette å føle at dei blir hengt ut. Det er ikkje intensjonen min. Eg vil heller stille spørsmål ved leiinga, og ressursane som heilt klart ikkje er store nok til å drive ei forsvarleg demensomsorg.

Mari Ann var har jobba mange år i helsevesenet, men jobbar i dag i butikk.

– Eg er sjukepleiar sjølv, men eg slutta mykje på grunn av at eg følte eg ikkje klarte å gjere jobben min godt nok. Eg følte at eg gjekk frå pasientar som trengde meg, og som burde ha meir tilsyn. Sjølv om at eg sa ifrå, var det lite som blei gjort med det. Det gjer noko med ein som menneske. Det trur eg er litt av grunnen til at sjukefråværet er stort innanfor omsorgsyrka, også her i Ulstein.

– Ei slik avdeling har jo som målsetjing at dei skal gi bebuarane nærleik og tryggleik, og det skal alltid vere ein pleiar i nærleiken. Slik er det ikkje i dag, og det er ikkje godt nok. Ikkje når ei avdeling med åtte bebuarar berre har to tilsette på vakt, og fleire av dei treng to i stell. Då blir det fleire som ikkje får pleia dei treng.

– Vi treng hender

Mari Ann meiner situasjonen berre blir verre med åra.

– Eg var ferdig utdanna i 1994, og eg har jobba ulike plassar innan helsevesenet etter det. Det er nok få arbeidsområde i dagens samfunn der ting går bakover og ikkje framover. Nedskjeringar skjer jo over alt, men i helsesektoren kan ikkje ein sjukepleiar erstattast av ei maskin.

Kommunalsjef Botnen:

- Vi jobbar med å betre demens-situasjonen

Marit Botnen rosar dei pårørande og dei tilsette ved Alvehaugen for arbeidet dei gjer. Kommunalsjefen forstår likevel godt kva Mari Ann Vattøy siktar til.

– Vi har ei økonomisk ramme som vi må halde oss innanfor, men det er klart vi ynskjer fleire stillingar. Vi fylgjer godt med på situasjonen ved Alvehaugen, og vi ynskjer sjølvsagt at bebuarane skal ha det best mogleg, seier Marit Botnen, kommunalsjef for helse- og omsorg i Ulstein kommune.

Botnen vil presisere at ein i inneverande budsjett ikkje har tatt innsparingstiltak innanfor demensomsorga.

– Det er eit prioritert område, og demensproblematikken er eit satsingsområde også frå Staten si side.

– Godt stell og pleie

Botnen vil rose dei pårørande og dei tilsette ved avdelinga for arbeidet dei gjer, trass i noko stram økonomi.

– Alle bebuarane våre får godt stell og pleie. Eg også meiner aktivitet er viktig, og difor har vi søkt og fått tilskot for å betre på situasjonen. Elles så byggjer vi om avdelinga no, og vi har to tilsette som har vidareutdanning innan miljøterapi, spesielt for dei med demenssjukdom. Den kompetansen vil vi nytte i større grad framover.