– Eg er uroa over den negative utviklinga i Ulstein, seier Heidi Strand. Strand er Høgre-politikar og soneleiar i helse- og omsorgssektoren i Ulstein kommune.

I arbeidskraftundersøkinga for andre kvartal 2014 kan ein lese at talet på heiltidssysselsette kvinner i Noreg har auka med 35.000 mellom andre kvartal 2013 og andre kvartal 2014. Samstundes var det 16.000 færre kvinner som jobba deltid. Dette er tal som er utarbeida av Statistisk sentralbyrå.

Ser ein på dei ferskaste tala over dei tilsette i Ulstein kommune, frå fjoråret, og samanliknar desse med eitt og to år tilbake, ser ein ei heilt anna utvikling. I Ulstein kommune har talet på kvinner som jobbar 80 prosent eller meir gått ned frå 53 prosent i 2011 til 45 prosent i 2013. Samstundes har talet på kvinner som jobbar 50 prosent eller mindre auka frå 14 til 17 prosent. Dette er tal frå lønnskontoret i Ulstein kommune.

– Det ser ut til å vere ein dårleg trend som har etablert seg i Ulstein kommune. Vi har i Ulstein både eit politisk og eit administrativt mål om å jobbe for færrast mogleg deltidsstillingar. Pila står dessverre no i heilt feil retning, seier Heidi Strand (H), som meiner det er på tide å behandle denne problematikken politisk.

– Må ha større fokus

Tala omfattar alle offentleg tilsette i kommunen, men problemet er størst innanfor omsorg og oppvekst, og då spesielt omsorg.

– Det blir sett noko fokus på det i forhold til økonomiplanarbeidet, det er tiltak vi veit kan fungere, og som kan snu pila. Men, vi er som kommune heilt nøydde til å ha dette som eit endå viktigare fokusområde i tida framover. Vi må vere kapable til å sjå heilskapen, slik at vi saman kan snu denne negative utviklinga, seier Strand.

Slit med nattenesta

Strand fortel at ein i fleire år har prøvd å leggje til rette for å finne kvalifiserte folk, spesielt sjukepleiarar, ved å tilby størst mogleg stillingsprosentar.

– Realiteten er at vi har rekruttert godt til stillingar på dag og kveld, men vi slit med nattenesta, seier ho.

Ulstein kommune har mellom anna nytta vikarbank, der ein kan jobbe i éi stilling ein stad og jobbe i ei anna stilling ein annan stad, for å til saman få den stillingsprosenten ein ynskjer.

– Konkurransen blir større

Heidi Strand meiner kommunen snart må gjere noko med dette, mykje også på grunn av stadig aukande konkurranse om kompetent arbeidskraft.

– Vi må få opp kvaliteten i tenesta, og meir kompetanse. Vi veit det blir meir konkurranse om arbeidskrafta, og det vil med tida tvinge Ulstein kommune og andre kommunar til å tenkje meir langsiktig og finne betre måtar å rekruttere på.

Strand meiner utdanningsinstitusjonane har eit ansvar.

– Eg trur noko av problemet er at utdanningsinstitusjonane legg praksisen ved sjukehusa til siste året av utdanninga. Dei kan dermed plukke frå øvste hylle. Mange blir også oppfordra av skulane å velje sjukehus framføre distrikta. Både kommunane og skulane må bli flinkare til å oppfordre nyutdanna til å velje distrikta.

– På høg tid å gjere noko

Renathe Rossi-Kaldhol, som er bu- og habiliteringsleiar i Herøy kommune og Ulstein Arbeidarparti-politikar, meiner Ulstein bør sjå til Herøy.

– I Herøy har vi ei målsetjing, eit faktisk kommunalt vedtak, som går ut på at vi skal minske ufrivillig deltid, og få alle tilsette i minimum 60 prosent stilling. Kvart år blir dessutan mengda av ufrivillig deltid innanfor omsorg kartlagt, seier Rossi-Kaldhol og legg til:

– I mi tid i Ulstein-politikken har vi ikkje gjort eit slikt vedtak. Eg meiner det er på høg tid å gjere noko med det. Men, skal vi kunne gjere noko med det på politisk nivå, må vi sjølvsagt vite meir om bakgrunnen for tala.

Som leiar for bu- og habilitering i Herøy kommune, ser ho utfordringane ganske klart.

– Det å rekruttere kompetent arbeidskraft blir meir viktig, men det er langt ifrå lett, seier Rossi-Kaldhol til slutt.

Renathe Rossi-Kaldhol i Ulstein Arbeidarparti er einig med Høgre-politikar Heidi Strand, som seier ho er uroa over at det blir færre kvinner i Ulstein kommune i heiltidsstillingar. Foto: Arkiv.