Onsdag 12. mars vart Simreth Wolbgeber og dei åtte borna hennar sende frå Ulsteinvik til Frankrike.

Men styresmaktene var ikkje budde på at familien var så stor. Dei 9 har overnatta på flyplassen ei heil veke, skriv NRK Møre og Romsdal på nettsidene sine.

I sommar kom Simreth Wolbgeber til Ulstein saman med borna sine. Dei er såkalla dublinarar, fordi dei først vart registrert med fingeravtrykk i Frankrike før dei kom til Sunnmøre.

Onsdag førre veke vart familien henta frå Ulstein og dagen etter sendt med fly til Frankrike. Men der stod ingen klare for å ta imot småbarnsfamilien. I åtte dagar har dei sove på stolane på flyplassen Charles de Gaulle.

Ranveig Kaldhol, diakon i Ulstein, seier til NRK at å sitje så mange dagar på ein flyplass med åtte barn er umenneskeleg.

Det yngste barnet er fire månader gammalt. Dei andre er 2, 6, 8, 10, 12, 14 og 15 år.

Kaldhol prøver å hjelpe

Kaldhol prøver no å hjelpe familien frå Eritrea, som ho har hatt mykje kontakt med både gjennom barnekor og kyrkjelydsarbeid dei siste månadene.

Ho opplyser at dei spør om hjelp på flyplassen, menf år til svar at Norge ikkje hadde gitt beskjed om at det kom så mange, fortel Kaldhol.

Biskopen har engasjert seg

Også biskop Ingeborg Midttømme i Møre har engasjert seg. Ho synest det er merkeleg at norske styresmakter ikkje sikrar korleis ein barnefamilie dei sender ut, blir mottekne.