No har Ulsteinrådmannen og leiaren i Ulstein Eigedomsselskap KF rekna kva husleige på dei nye omsorgsbustadene i Holsekerdalen og Sjøsida blir.

Omsorgsbustadene i Holsekerdalen er fordelt i to blokkar. 15 husvære B-blokka vil koste 8900 kroner. Dei er over 50 kvm 24 husvære i A-blokka vil koste 7800 kroner i månaden. Dei er over 40 kvm. Straum betaler dei etter eige forbruk.

Omsorgsbustadene ved Sjøsida er i tre prisklasser. Åtte husvære mindre en 60 kvm kostar 7300,- + felleskostnader 2239,-. Tre husvære 60–79 kvm 8300 + felleskostnader 2629. To husvære over 70 kvm ligg på 9300 + felleskostnader 3061,-. Dette er inkludert straum.

Saka blir lagt fram for levekårsutvalet i Ulstein onsdag 3. september.

Politikarane kan bestemme at husleiga blir lågare. Men om leigetakarane ikkje betaler inn det bustadene har kosta, må kommunen finne pengar frå eiga kasse.

Dei oppgjevne areala på bustadene er nettoareal. I tillegg kjem store fellesareal. Båe stadene blir det parkeringskjellar.