Sist veke vart det klart at Franjo Tepuric er ein av Hødd-spelarane på utgåande kontrakt som ikkje vil få eit nytt tilbod frå klubben.

24-åringen blir ståande med 25 kampar, dei fleste innhopp frå benken, og tre scoringar.

Fekk ikkje vist seg godt nok

Sundag var Tepuric på plass i Hareidhallen for å sjå kona Ana spele sin siste kamp for Hødd sitt damelag i handball. Tepuric fortel at akkurat no er han ikkje heilt sikker på kva han vil gjere framover.

– Nei, eg har ikkje nokon spesiell plan akkurat no. Vi skal heim, ha litt ferie og ei lita pause og så får vi sjå kva som skjer framover, fortel han.

Tepuric seier at det etter kvart vart klart at han ikkje var med i framtidsplanane til trenar Sindre Eid.

– Eg har ikkje spelt nok, og ikkje fått vist meg fram på ein god nok måte, men slik er fotballen.

Franjo fortel at familien har hatt det veldig fint i Ulsteinvik.

– Vi har trivdes utruleg godt og du kan sjå kor godt kona mi har funne seg til rette her. Derfor er det synd at vi må bryte opp og byrje på nytt ein annan stad, seier Tepuric.