- Ulstein Design & Solutions har inngått ei omfattande kontrakt med Wuchang Shipbuilding Industry Co, Ltd. i Kina om levering av skipsdesign og utstyr til fire plattformforsyningsskip av designtypen PX121. Det er reiarlaget Otto Offshore Ltd. i Singapore som skal ha skipa, som alle skal leverast i 2016. Kontrakten femner også om ein opsjon på fire skip, skriv Ulstein i ei pressemelding.

- Vi ønskjer Wuchang Shipbuilding og Otto Offshore velkomne som nye kundar. PX121-fartøya har ei yteevne som ein normalt ville ha venta seg frå ein større PSV. Det å kunne yte så mykje, medan reduserte utslepp og drivstofforbruk gjer at kostnaden svarer til ein mellomstor PSV, gjer at reiarlaget får ein gunstig kombinasjon av to marknadsområde, seier Sigurd Viseth, som er administrerande direktør i Ulstein Design & Solutions.

- Vi er svært glade for å samarbeide med Ulstein og Wuchang Shipbuilding på dei nyaste skipa våre, kommenterer Garrick Stanley, konsernsjef i Otto Marine.

- Ulstein vart vald som designar for denne siste flåtefornyinga etter ein grundig analyse av marknaden og kundane våre sine behov i framtida. Vi ser fram til å få dei fire nye ulsteinfartøya i flåten vår tidleg i 2016 for å sette dei i arbeid over heile verda.

Kontrakten med Ulstein omfattar leveransar av design, engineering og hovudutstyr. Ein omfattande leveranse frå Ulstein Power & Control inkluderer integrerte kontrollsystem, bru (radio, navigasjon), tavler, dieselelektrisk framdrift og frekvensomformarar og kommunikasjonssystem .   Fartøya vil bli førebudde for offshorekran og eit mezzanindekk for ROV (fjernstyrt miniubåt).

30 PX121

Med desse fire fartøya har Ulstein totalt selt 30 designpakkar på PX121. Dei første PX121-designa fartøya vart bygde ved Ulstein Verft, og vart sette i arbeid i 2012.- Vi har nærare 100 års erfaring frå skipsbygging, samtidig som Ulstein Group har eigarinteresser i og operasjonell kompetanse frå skipa som har vorte leverte frå Ulstein Verft, kommenterer Tore Ulstein, som er visekonsernsjef og leiar for Marknad og Innovasjon i Ulstein Group. Han held fram:

- Designa våre vert godt mottekne, noko som mellom anna kan forklarast ved at vi har vårt eige verft der prototypane, slik som PX121-skipa, vert bygde. Vi kan ta med oss kundane til Ulstein og vise fram ein komplett innovasjonssyklus på staden, heilt frå konseptteikningar til førsteklasses offshorefartøy. Vi jobbar kontinuerleg med å utvikle design og løysingar for framtida i tett dialog og samarbeid med reiarlag, leverandørar, klasseselskap og statlege mynde.