Kontrakten til finnen går ut etter denne sesongen.

– Det er opp til Hødd om dei vil ha meg med vidare. Eg er positiv. Og det hadde vore greitt å få klarert framtida mi kjapt. Men så langt har eg ikkje høyrt noko frå dei, seier Törnqvist til Vikebladet Vestposten.

– Har du vore i kontakt med andre klubbar?

– Eg har ein agent som jobbar for meg. Men det er ingenting på gang nei, fortel Hødd-kapteinen.

– Har fått beskjed

Ifølgje trenar Sindre Eid går Hødd no inn i ein periode der snakkar med spelarar som har utgåande kontraktar. Alle vil bli kontakta. Og dette skal spelargruppa ha fått beskjed om.

Vegard Heltne er ein annan spelar på utgåande kontrakt. Han håper også å få tilbod om forlenging med det første.

– Eg har lyst til å bli med vidare, seier Heltne til lokalavisa.

Fleire på utgåande

Totalt har Hødd 13 spelarar på utgåande kontraktar ifølgje ei oppteljing vi har gjort. I tillegg til dei nemnde gjeld det Robin Shroot, Victor Grodås, Espen Standal, Erik Sandal, Andreas Rekdal, Franjo Tepuric, Henrik Grimstad, Benjamin Mork Kleppe, Robin Hjelmeseth, Pål Hofset Skeide og Jan-Lennart Urke.

Espen Standal sa til Vikebladet Vestposten sist veke at han ikkje er sikker på kva han gjer neste år. Elles er det grunn til å tru at dei fleste andre held fram i klubben. Men spelarar som Victor Grodås og Robin Shroot er truleg såpass gode at dei får tilbod frå andre klubbar også?