Under flyturen frå Aktobe til Vigra natt til fredag nytta Pål André Helland høvet til å takke for dei eitt og eit halvt åra han har hatt i Hødd. 23-åringen har vore ein svært sentral spelar for laget denne perioden, men no melder han overgang til Rosenborg, ein klubb han også har spelt for tidlegare. Helland fortalde dei 72 andre i reisefølgjet at han har hatt stor glede av tida i Hødd.

Like etter nytta sportssjef André Nevstad sjansen til å takke Helland for innsatsen. Han skrytte også av Hødd sin innsats i Europaligaen, før han fortalde forsamlinga kven som blir Hellands erstatar i Hødd.

Det er den 23 år gamle krotaen Franjo Tepuric, som har prøvespelt med Hødd i vel ei veke. Tepuric har fleire aldererbestemte landskampar på CV og er ein typisk midtspiss.

Han kjem gratis frå den kroatiske nivå to-klubben Sibenik og har signert kontrakt med Hødd ut 2014.

Franjo Tepuric har signert kontrakt med Hødd ut 2014. Foto: Joakim Rødven