Måndag vart det kjent at rundt 750 tilsette i Kleven er med i eit lånetiltak for å betre situasjonen for skipsbyggingskonsernet, som to år på rad har gått på solide økonomiske smellar.

– Eg er stolt over alle dei tilsette i konsernet som har blitt med på denne låneavtalen og med det gir eit svært viktig og positivt bidrag for å trygge arbeidsplassane på lang sikt, seier styreleiar Kjersti Kleven til Nett.no.

Låneavtalen er eitt av fleire tiltak, og Kleven seier problema for konsernet ikkje er unike.

– Heile bransjen vår er inne i svært krevjande tider. Medan mange rundt oss har hatt permisjonar og andre tiltak lenge, har vi vore skåna for slike konsekvensar fram til no.

– Naturleg at vi stiller opp

Hovudtillitsvald Olav Høydalsvik i Fellesforbundet seier at løysinga har vorte greitt mottatt mellom dei tilsette.

– Dei fleste synst det er naturleg at vi tilsette stiller opp i vanskelege tider, men der er sjølvsagt også dei som er litt misnøgde, spesielt fordi vi heldt forhandlingane om avtalen hemmelege.

– Uansett håper vi at det vert oppfatta som positivt av omverda ettersom alle tilsette i så stor grad stiller opp for eiga bedrift. Dette er nokså unikt.

Ordninga gjeld alle

Det er rundt 750 tilsette som er med på ordninga, der alle på første lønsutbetaling 20. juli får 4 prosent lønstrekk. I tillegg vert det ekstra lønstrekk for alle som har ei årleg bruttoløn som overstig 561.000 kroner.

– Alle er med på ordninga, frå administrerande direktør Ståle Rasmussen på toppen og nedover. Dei som tener mest, får også mest trekk, seier Høydalsvik.

Han opplyser at alle Kleven-selskapa er med på ordninga, inkludert Kleven Maritime Contracting, der det er rundt 300 utanlandsk tilsette.

– Ordninga gjeld alle, anten ein er norsk eller utanlandsk.

Vil få pengane tilbake

Etter planen skal pengane betalast tilbake så fort konsernet på nytt får eit positivt resultat, men først i 2019.

– Vi håper at dette skjer alt i 2019, men vi er førebudde på at det kan gå litt lenger. Uansett har vi god tru på at dette er pengar vi får tilbake, kanskje også med gode renter.

Høydalsvik rosar også eigarane.

– Dei noverande aksjonærane har gått inn med ein god sum med pengar, og samla er dette ei løysing som er eit gode for alle partar, ikkje minst for å trygge framtidige arbeidsplassar.

I tillegg til Fellesforbundet, er avtalen signert av Tekna, Nito og Forbundet for ledelse og teknikk (FLT).