Mangelen på folk er ikkje berre synleg ved skjerma avdeling på Alvehaugen. Hovudtillitsvalt i Norsk Sykepleierforbund i Ulstein, Mette Kløvjan, meiner dette er eit problem i heile omsorgsetaten. No ber ho politikarane opne auga.

– Det hjelp lite å ha flotte bygg og anlegg i Ulsteinvik dersom vi ikkje har pengar til å drive ei forsvarleg teneste til dei som treng det mest, seier Mette Kløvjan.

I laurdagsnummeret av Vikebladet Vestposten førre veke fortalde Mari Ann Vattøy om sin frustrasjon i forhold til demensomsorga i Ulstein. Ho meinte det var stort behov for fleire hender ved skjerma avdeling, og meir aktivitet.

– Eg synest ho er veldig tøff som seier ifrå. Eg ser med eigne auger at dei med demenssjukdomen treng mykje meir ressursar enn vi kan tilby. Det er som Mari Ann også seier, det er ikkje personalet vi stiller spørsmål ved. Dei gjer ein strålande jobb. Vi ynskjer ei sterkare bemanning, ikkje berre innanfor demensomsorga, men innanfor heile omsorgsetaten, seier Mette Kløvjan.

Kløvjan har jobba som sjukepleiar i omsorgsetaten i Ulstein i fire år, og som hovudtillitsvalt for Norsk Sykepleierforbund i Ulstein representerer ho sjukepleiarane og hjelpepleiarane.

– Eg har som hovudtillitsvalt sagt ifrå både til den administrative og den politiske leiinga om dette. Gang på gang har eg, representanten for Fagforbundet og pårørande fortalt om bekymringane våre. Dei ressursane omsorgsetaten har er for små i forhold til dei utfordringane vi står ovanfor. Det er bra at omsorgssjef Marit Botnen seier kommunen skal gjere noko med situasjonen, men i økonomiplanen for fireårsperioden ligg det ikkje ekstra ressursar, seier Kløvjan.

– Må auke grunnbemanninga

Grunnbemanninga er no så lav, at dersom ein sjukepleiar går ut i sjukefråvær, eller tek ferie, så må ein til tider forskyve arbeidstida eller jobbe overtid, fortel Mette Kløvjan.

– Med forskyving av arbeidstida som hovudtariffavtalen seier vi har rett på, og overtidsbruk, så blir det ei dårleg utnytting av dei økonomiske ressursane. Det blir veldig kostbart. Då tenkjer eg at kommunen bør sjå på kva ein gjer feil. Ein må sjå på det i djupna. Dersom ein aukar grunnbemanninga, vil det store sjukefråværet blant helsefagarbeidarane i Ulstein gå ned. Det er eg sikker på.

Til tider einaste nattevakt

Ho fortel at sjukepleiarane føler dei ikkje klarer å gi eit godt nok tilbod.

– Når vi ikkje har ressursane til å ta oss av det stadig meir komplekse sjukdomsbiletet, så er det klart vi ikkje klarer å yte ei forsvarleg omsorgsteneste.

Som nattevakt har Mette ansvar for heile Alvehaugen som einaste sjukepleiar på huset.

– Periodevis kan eg vere ansvarleg for heimetenesta ute i tillegg til Alvehaugen. Fleire netter er eg faktisk åleine som sjukepleiar for heile Ulstein kommune. Det er ei stor belastning. Eg trivast godt i jobben, men det er tøffe tak for å få det til.

Slit med rekruttering

– Vi ser vi slit med å rekruttere nye sjukepleiarar. No har vi mellom anna nokre nattstillingar som ikkje har blitt fylt siste året. Når vi lyser ut ei stilling med 24, 27 og 34 prosents stilling, så er det klart at det ikkje er lukrativt for utflyttarar som til dømes er på utikikk etter å flytte heim igjen for ein jobb her i Ulstein. Det er skremmande å sjå aukande flukt frå yrket vårt.