Det var rundt klokka 07.12 det kom melding om at ein person låg påkøyrd i vegbanen ein stad i Herøy.

Politiet har opplyst at personen er alvorleg skadd.

Sjølv om det ikkje var verken bil eller anna køyretøy i nærleiken av den skadde, har politiet mistanke om at han er påkøyrd. Og dei har tilkalla kriminalteknisk bistand.

Ulykka har skjedd på Røyra i Herøy, som ligg like ved Herøybrufestet på Leinøya.

Politiet vil ha tips

Politiet ber om tips i saka. Folk som har gjort observasjonar av bilar eller anna i dette området, bør tipse politiet.