Onsdag var dei fleste Hødd-spelarane tilbake på Høddvoll etter ein kort sommarpause. Det var også Robin Shroot. Briten har vore lånt ut til Viking første halvdelen av sesongen, men er no tilbake i Ulsteinvik.

Sjølv meinte Shroot at han var noko sliten etter lang tid på reisefot, men det var ikkje verre enn at han oppnådde beste resultat på jojo-testen spelarane måtte gjennom.

- Det var nok den lange reisa som gjorde susen. 12 timar på reisefot! Det er god hjelp i å sitte fire timar på flyplassen i Bergen og å møte opp på Heathrow klokka 07 om morgonen. Det gir litt ekstra "boost", skjemtar Shroot.

Måtte ta sjansen

Det ser dermed ut til at den fysiske forma til Shroot er bra, sjølv om han ikkje fekk så mykje speletid som han hadde håpa i Stavanger. Samstundes angrar ikkje Shroot på at han tok sjansen på å prøve seg i Eliteserieklubben.

- Når eg fekk sjansen til å reise til Viking, med dei ambisjonane eg har, så måtte eg ta den moglegheita. Eg har alltid vore veldig glad i Hødd, og eg likar veldig godt å vere her, men eg kunne ikkje seie nei til å spele i toppdivisjonen. Det var også vanskeleg for meg i vinter. Mykje av det som gjekk føre seg i privatlivet mitt gjekk også utover fotballen. Det var eg også klar på. Kjærasten min sa til meg i fjor sommar at ho synest det var vanskeleg å reise til og frå Ulsteinvik, og det blir vanskeleg når kjærleiken og fotballen kolliderer, seier Shroot.

Vil bidra - både på og utanfor banen

Og kanskje passar det godt at Hødd får inn att ein spelar som Shroot, etter ein vårsesong der laget har slite med å score mål.

- Fotball er uansett ein lagsport, og det vil aldri vere ein spelar som er avgjerande for korleis eit lag spelar. Sist sesong scora eg nokre mål, men vi rykte likevel ned, og dei måla får ikkje meg til å kjenne meg noko betre. Alle på laget er like viktige som den neste. Dersom eg kan hjelpe klubben oppover på tabellen, anten det er gjennom scoringar, gjennom å vere bra i garderoben eller med dei andre tinga eg gjer i klubben, så får det vere som det der. Det einaste eg kan garantere er at eg kjem til å gjere mitt aller beste, fortel 29-åringen.

Og innverknaden til Shroot, sjølv om han ikkje spelar, har ein også merka i Stavanger. Viking-trenar Ian Burchnall har mellom anna sagt til Rogalandsavis at Shroot var viktigare for klubben enn folk skjønar.

- Han har hatt enorm innflytelse utanfor banen og har vore eit eksempel til etterfølgelse når det kjem til humør og profesjonalitet, sa Burchnall.

At Shroot reiste frå Hødd kort tid før seriestart vil nok påverke ein del supportarar sitt syn på briten, men Shroot vil ikkje be om unnskyldning for at han reiste. I staden ber han om forståing.

- Når ein har budd vekke frå kjærasten sin og familien i åtte år, og det tek 12 timar for dei å kome hit, så må ein prøve å gå i mine sko før ein dømmer meg. Eg trur ikkje nokon kan setje spørsmålsteikn ved kor mykje eg bryr meg om denne klubben. Du må nok leite lenge for å finne nokon som har kome inn utanfrå og som har gitt så mykje som eg har her, og det er eg ikkje redd for å seie.

Shroot trur også at erfaringane han har fått med seg gjennom ein halv sesong i ein Eliteserieklubb kan vere positivt for Hødd denne haustsesongen.

- Det å vere ein del av ein slik klubb, med den intensiteten og kvaliteten der er på ting der, det gjer at du må tilpasse deg. Eg var uheldig som ikkje spelte meir, og det var nok ein del utanomsportslege grunnar til at det blei slik. Det er uansett slik at er ein ambisiøs, så må ein ta dei sjansane ein får. Og dersom eg kan inspirere ein ung gut eller ei ung jente til å følgje draumane sine, så trur eg at eg har gjort noko rett.

Får inn ein god spelar

Medan Shroot var på plass på Høddvoll onsdag, var det nokre Hødd-spelarar som mangla. Ifølgje Sindre Eid kjem Preben Sætre, Badr Rahhaoui og Jan-Lennart Urke først torsdag, medan Magnus Myklebust skal vere på plass seinare, men har også ein skade som gjer at han er uaktuell den første tida.

- Det er godt å vere tilbake, godt å sjå gutane igjen. Vi er så mykje saman til vanleg at det er godt å få ei pause, men det er også veldig godt når vi møtest igjen, seier Eid.

Hødd-trenaren får inn eit nytt angrepsvåpen før haustsesongen tek til.

- Dette har jo vore aktuelt heile vegen. I vinter så var han klar på at han ønskte å prøve seg i Eliteserien og det løyste seg for han då. No er han tilbake, og då får vi inn ein spelar som er ekstremt motivert for å prestere for Hødd no i haust. Vi får ein veldig god spelar inn i troppen, og det er positivt for oss på alle måtar, fortel Eid.

Luksusproblem

At Hødd får inn ein ny angripar kan likevel gje trenarteamet eit luksusproblem. Så langt i år har Hødd brukt seks eller sju ulike spelarar på spissplass.

- Vi har brukt eit halvt år på verte litt kjende med mange av spelarane i troppen. Det er litt spesielt at så mange har spelt i angrep, men det har også litt med at vi har prøvd oss nokre kampar i 3-5-2. No er det litt uklart når Magnus Myklebust vil vere klar for spel igjen, men det er eit luksusproblem å ha mange å velje i, og så blir det opp til oss å handtere det på best mogleg måte. Vi treng ein sterk tropp, og no er den supplert med Robin.

Då Shroot reiste frå Hødd i oppkøyringa skjedde det etter lang tid der situasjonen kunne sjå ut til å bikke begge vegar. Det var nok spesielt positivt for spelargruppa, men Eid er sikker på at Shroot sin retur vil vere positiv.

- Det går heilt fint. Det som var slitsomt i vinter var den uavklarte situasjonen, som varte altfor lenge. Det kan bli ein slitasje, og det går ikkje på personen, men meir på den uavklarte situasjonen. Eg har ikkje noko anna inntrykk enn at Robin er ønskt tilbake av dei andre spelarane, og det er han definitivt av meg også, slår Eid fast.

Skuffa over åttandeplass

Kanskje kan Shroot hjelpe litt på den tidvis svært svake utteljinga Hødd har hatt offensivt så langt denne sesongen. Før bortekampen mot Fram Larvik 5. august ligg Hødd på ein åttandeplass i avdelinga, og det er eit stykke unna det Sindre Eid hadde håpa på før sesongstart.

- Vi har ikkje gjort nokre spesielle grep, men har hatt ein god prat i trenarteamet i dag og skal ha ein god prat med spelargruppa på fredag. Vi kjem ikkje til å gjere drastiske grep, men vi ønskjer å verte tydlegare og klarare i måten vi spelar på. Når ein bygger eit nytt lag, så leitar ein også litt etter måten å spele på, og der bør vi vere endå tydlegare. Vi har klare tankar på kva som skal gjerast for at vi skal vere betre i haust, seier Eid.

Han understrekar også at både trenarane og spelargruppa er misnøgde med å ligge på ein åttandeplass.

- Vi som står oppe i det er nok dei som er minst nøgde med akkurat det. Samstundes er det vi som har sjansen til å gjere noko med det. Difor må vi ta det ansvaret og vi satsar på å gjere ein betre haustsesong. Då må vi vere så ærlege at vi seier at det spelarane har gjort ikkje har vore godt nok, og at det trenarane har gjort ikkje har vore godt nok. Summen av det er ein åttandeplass, og det betyr at vi må jobbe betre i tida framover, meiner Eid.

Før Hødd tek til på haustsesongen skal laget spele ein treningskamp mot AaFK. Den går på Høddvoll førstkomande sundag.