Dagens Medisin skriv om nyrekreftpasient Odd Nesse (46) i Ulsteinvik som har levd med kreft i seks år, langt på overtid av det legane førespegla han å få leve. Men i dag er han i full jobb ved oppvekstkontoret i Ulstein kommune.

Legen hans søkte nyleg Ålesund sjukehus om å ta i bruk legemiddelet nivolumab (Opdivo). I studiar har det vist betre overleving samanlikna med standardbehandling, skriv Dagens Medisin.

Hovudregelen er at denne medisinen ikkje skal takast i bruk på norske sjukehus, då det framleis er til metodevurdering. Men fagdirektøren kan for enkeltpasientar innvilge unntak om "pasienten skil seg klart frå pasientgruppa for øvrig."

Men fagdirektøren i Ålesund kom fram til at Nesse ikkje skal få denne medisinen.

- Godt journalistisk handverk

Odd Nesse fortel at det var godt journalistisk handverk som står bak denne saka.

- Eg vart oppringt av legen min som hadde blitt tipsa av journalistar som lurte på om han hadde ein pasient dette kunne passe for, fortel Nesse til Vikebladet Vestposten.

Journalistane tipsa om at nokre andre nyrekreftpasientar hadde fått denne medisinen ved Akershus universitetssykehus (Ahus).

Skilsmisse?

Men for å få slik medisin på Ahus, må han flytte til Ahus-området. Men det ser ut til å ikkje vere nok å flytte om han framleis er gift i Ulsteinvik. For å få medisin er han villig til å ta ut skilsmisse og flytte frå kona og dei tre døtrene for å bu på hybel i eit område som soknar til "rett" sjukehus.

Saka til Nesse har fått opp augo til fleire

Dagens Medisin laga ein fem minutt lang filmsnutt om historia til Odd Nesse. Den vart vist som innleiing til ein debatt på Rikshospitalet i går. Der debatterte fleire legar og politikarar, og Karita Bekkemellem som er administrerande direktør i Legemiddelindustrien.

- Der var det ein del som fekk augo opp. Og dei skal ha blitt samde om at det bør kome felles retningslinjer, kommenterer Nesse.

Men dei vil utarbeide felles retningslinjer utan at å kutte behandlinga slik at ingen får hjelp.

Vore villig til å prøve mykje

Odd Nesse har blitt kvitt i overkant av 20 svulstar. Han har lagt om kosthaldet og prøvd mange ulike medisinar. Individuell tilpassing har vore viktig. Medisinar dei har slått frå seg at fungerer, har vore forsøkt igjen, og då med effekt. Han har vore villig til å prøve mykje forskjellig og rullert mellom ulik medisinering.

- Min hovudfiende er gjennomsnittsresultat. Eg treng legar med teft og erfaring, som er villige til å setje seg inn i meg og sjukdomen min, seier Nesse.

Kanskje Bergen?

No har Nesse funne ut at han kanskje ikkje treng å flytte til Austlandet, men kanskje kan flytte til Bergen i staden. Nesse kjem frå Bergen, så det hadde letta situasjonen noko. Då kan han bu i ei kjellarleilegheit med familie og avstanden til jentene og kona i Ulsteinvik blir ikkje like lang.

Men då blir han nøydd til å sjukmelde seg, han har ikkje jobb å gå til i Bergen.

- Men om eg kjem til Bergen kan eg gå på Brann-kampar, spøkjer Nesse som synest situasjonen er ganske absurd.