– Eg kan bekrefte at eg hadde eit møte med Maciej Szymanski tidlegare i haust. Eg kontakta også utvalsleiar Alf Johan Antonsen om at vi burde fare på synfaring, og at vi må ha ei runde til. Vi har bedt vegvesenet om eit nytt møte. Men, dette blir først på nyåret. Då kjem vi til å nytte denne videoen for å vise Statens vegvesen kor prekær situasjonen faktisk er, seier Knut Erik Engh.

Ønskjer større fleksibilitet

– Kvar gong vi snakkar med Statens vegvesen tek vi opp situasjonen i Botnen, Hasundkrysset og Saunesmarka. Men, det skjer lite, seier Engh.

I tilfellet Botnen har kommunen foreslått å fylle grøfta for å lage gangveg, setje opp skilt og lage til autovern.

– Det hadde trygga situasjonen til skuleborna. Men, også når det gjeld til dømes fartsgrensa er vegvesenet veldig styrte av dei formelle krava. Vi skulle ønskt dei var meir fleksible. Når det gjeld skyssøknaden har kommunen fått den, og vi jobbar med den no.

– Fullstendig uakseptabelt

Statens vegvesen på si side meiner kommunen må ta eit standpunkt, før dei kan gjere det.

– Det er fullstendig uakseptabelt at born går langs denne vegen til og frå skule. Eg går ut ifrå at Ulstein kommune har skyssordning for dei som har farleg skuleveg, slik som dei har i til dømes Ålesund, skriv Kåre Mittet Rolandsen, trafikkteknikk-koordinator i Statens vegvesen Region Midt i ein epost til Ulstein kommune, som Vikebladet Vestposten har fått tak i.

Les også: - Statens vegvesen og kommunen held oss for narr (FOR ABONNENTAR).

Mittet seier til Vikebladet Vestposten at det burde vore innlysande for ein kvar at ein ikkje kan sende borna langs denne vegen for å få dei på skule.

Når det gjeld strakstiltak meiner han kommunen og politikarane må finne ei løysing snarast råd.

– Det er gjennom Fylkeskommunen dette må gå, og då må politikarane i Ulstein avgjere kva det er viktigast å prioritere.