For fiske av blankfisk i elvar, aktuelt for Ulsteinelva og Hareidselva, vert det krevd statleg fisketrygdavgift. Slik avgift kan betalast på Posten i Ulstein eller Hareid. I tillegg krev grunneigarane fiskekort for nokre av vatna og elvane. Dette gjeld Mosvatnet, Ulsteinelva, Snipsøyrvatnet, Grimstadvatnet, Hareidselva og Kaldholelva.

I Hammarstøylvatnet er det framleis ikkje lov å fiske, og det blir då naturlegvis ikkje selt fiskekort til dette vatnet. Det kan det no bli ei endring på, i følgje leiar Kåre Oksavik i Hareid Utmarkslag.

- Vi har fått Fylket med på å opne Hammarstøylvatnet for sal av fiskekort. Etter avtale med Ulstein vassverk og Mattilsynet har vi selt fiskekort i Mosvatnet i fleire år allereie. Det er bakgrunnen for kontakta vi har oppretta med Fylkesmannen og Mattilsynet, for å få klarsignal for same ordninga i Hammarstøylvatnet, seier Oksavik.

Skal kartlegge situasjonen

Oksavik fortel at ein i første omgang har byrja å sjå på gyteforholda i Hammarstøylvatnet, og finne ut kva fisk der er.

- Vårt første inntrykk er at det nesten berre er stor aure i vatnet, då der ikkje er gyteelvar. Hareid Utmarkslag sette aure ut i vatnet for mange år sidan, men det skjer marginalt med gyting, seier Oksavik.

Hareid Utmarkslag og Ulstein Utmarkslag har samarbeida i ein mannsalder. Begge kommunene eig delar av Hammarstøylvatnet. No har utmarkslaga også fått med seg forskar Nils Roar Hareide ved Runde Miljøsenter, som skal hjelpe dei med å kartlegge situasjonen.