- Vi har funne ein måte å spele på som passar til mannskapet, sa ein glad Hareid-trenar Einar Magne Skeide etter at laget hans hadde slått Emblem heile 4-0 i 4.-div.-oppgjeret på Hareid stadion torsdag kveld.

Godt gjort, ettersom Emblem var utpeika som ein av divisjonsfavorittane før seriestart.

Skeide la til at resultatet også kom av at spelarane jobba veldig godt.

Kampen starta med ein kjempesjanse til Emblem etter corner. Ballen slo i tverrliggaren. Hareid, som hadde ein kald nordavind i mot, skapte ikkje all verda. Men så skjedde det: I det 15. minutt vart Runar Stranden spelt fram på sida av Torgeir Skeide. Ein Emblem-forsvarar tuppa Stranden sitt harde innlegg rett i mål. 1-0.

Fem minutt seinare hadde Ruben Kenneth Brandal regien på eit oppløp på venstresida. Det enda med at spissen Thor Ove Brekke kunne gi heimelaget 2-0.

Laga gjekk til pause med dette resultatet. Thor Ove Brekke kunne fort ha pynta ytterlegare på resultatet då han sende av garde eit skot som Emblem-keeperen så vidt fekk slått til corner. På den påfølgjande corneren heada Brekke like over tverrliggaren.

Gav ikkje Emblem kontringsrom

Hareid hadde vinden i ryggen i 2.omgang. Men let seg ikkje friste til å gi Emblem kontringsrom. I staden var det Hareid som kontra – og skapte ei rekke sjansar på det.

Dagens store spelar Ruben Kenneth Brandal, som hadde hatt ein eventyrleg 1.-omgang, auka til 3-0 etter pasning frå Torgeir Skeide. Jon André Thue, som kom inn som innbyttar i det 79. minutt, sette inn 4-0 på sin første tøtsj på ballen. D.v.s. – tøtsj? Det var eit kanonskot frå om lag tjue meters hald.

Ballen inne?

Før det hadde Hareid truleg ballen inne då Håvard Øvrelid skaut i «stanga» frå skrått hald. Mange tilskodarar hevda at ballen hadde vore over streken og at han hadde sprotte ut att på bana då han trefte hjulet på innsida av stanga. NB: Ei prøveskyting etter kampen viste at ballen kan vere over streken, men likevel sprette ut att når han treffer dette hjulet frå ein spesiell  vinkel. Dette er kanskje noko mål-produsenten og kamparrangøren bør sjå på?

Husøy tilbake

Dagens Hareid-lag begynner å likne noko som ligg eit hakk over det vi har sett dei siste åra. På stadion denne kvelden vart det elles meldt at Kim-Tore Husøy er på veg tilbake som Hareid-spelar etter eit mellomspel i Lokomotiv Oslo.

I tillegg til Ruben Kenneth Brandal må nemnast midtstoppar Simon Holstad Grimstad. Simon er til fulle ei stadfesting av uttrykket «rett mann på rett plass». Etter å ha vore utilpass som offensiv spelar i fjor er 17-åringen i år blitt ein viktig del av forklaringa på at Hareid nok ein gong gjekk av bana utan å sleppe inn mål.

KAMPFAKTA:

4.-div., Hareid stadion (gras):

HAREID-EMBLEM 4-0 (2-0)

Mål: 1-0 Sjølvmål (15), 2-0 Thor Ove Brekke (20), 3-0 Ruben Kenneth Brandal (72), 4-0 Jon André Thue (79).

HAREID: Sigve Overå Hide, Venthan Ketheeswaran, Simon Holstad Grimstad, Lars Roar Holstad, Nauris Driksna, Torgeir Skeide, Alexander Nevstad, Ruben Kenneth Brandal, Thor Ove Brekke, Robin Indreflø.

Innbytte: Håvard Øvrelid for Indreflø i det 32. minutt, Jon André Thue for Brekke i det 79. minutt, Håvard Mork Breivik for Nevstad i det 83. minutt, Joar Møller for Nauris Driksna i det 86. minutt, Ole André Kragset for Skeide i det 86. minutt, Eiliv Tore Howlid for Stranden i det 86. minutt.

*** Ruben Kenneth Brandal

** Simon Holstad Grimstad

* Venthan Ketheeswaran

Runderesultat:

Skodje-Stranda 4-3, Valder-Godøy 1-1, Skarbøvik-Sykkylven 3-0, Langevåg- Norborg 10-0, Hareid-Emblem 4-0, Ørsta-LGFK 3-1.

TABELL (alle lag har 6 kampar): Langevåg 15 – Godøy 14 – Hareid 13 – LGFK 13 – Skarbøvik 10 – Sykkylven 9 – Skodje 7 – Ørsta 6 – Emblem 5 – Valder 5 – Stranda 2 – Norborg 2.

Håvard Øvrelid sitt skot var truleg inne, men traff hjulet på innsida av stanga og spratt ut att.