Konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen, var mellom dei som tok i mot prisen frå arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie, som delte ut utmerkinga.

- Eg er glad og overraska, var første kommentar frå Ståle Rasmussen til Vikebladet Vestposten, like etter utdelinga på hovudscena på Nor-Shipping.

- Dette er ei flott utmerking, som vi set veldig stor pris på. Dette prosjektet er resultatet av eit samarbeid som har gitt eit veldig godt fartøy, seier Rasmussen.

- Eit av verdas mest avanserte

Juryen si grunngjeving for valet av vinnarskipet, bygg nummer 372 frå Kleven Verft, er ifølgje Skipsrevyen at NKT Victoria er eitt av verdas mest avanserte kabelleggingsfartøy, med fleire nyvinningar. Til dømes eit såkalla DP3-system, ein unik DC-grid og eit sekspunkts fortøyingssystem som gjer det mogleg å manøvrere der dei fleste andre djupvass-kabelleggingsfartøy ville gitt opp. Designen er eit 306 CLV-design frå Salt Ship Design på Stord. NKT Victoria vart døypt i Karlskrona, Sverige 4. mai i år.

Den andre finalisten var vindeserviceskipet Windea Leibniz, som Ulstein Verft bygde for Bernhard Schulte. Så prisen ville gå til ei Ulstein-verksemd uansett, då det skulle stå mellom desse to til slutt.

Juryen bestod i år av Sturla Henriksen, administrerande direktør i Norges Rederiforbund, Lars Gørvell-Dahl, maritim bransjesjef i Norsk Industri og juryleiar er Skipsrevyen sin redaktør, Asle B. Strønen.

Windea Leibniz kunne også blir "Ship of the year". Her frå dåpen ved Ulstein verft tidlegare i år. Foto: Ingvild Aursøy Måseide.