I kveld skal Ulstein kommunestyre vedta om dei skal gå vidare i ein prosess med Hareid kommune for ei mogleg kommunesamanslåing. Mest truleg går framlegget igjennom, då det til no har gjort det med stort fleirtal i alle kommunale utval.

Men Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil få med eit punkt om at det skal gjennomførast ei folkerøysting i kommunen etter intensjonsavtalen er signert, og før kommunestyret sender sitt endelege vedtak til Fylkesmannen.

– Det blir brukt som argument mot folkerøysting at dette er ei for stor sak til at folket skal få seie meininga si i folkerøysting, men det er eg totalt usamd i. Det er nettopp då folk bør få seie meininga si. Og slik det er no veit me ikkje kva innbyggjarane i Ulstein meiner om å slå saman Hareid og Ulstein, seier Lisa Mari Breivik Andersen i Ulstein Senterparti.

Partikollega Oddvar Gjerde meiner det blir feil å bruke innbyggjarhøyringar frå 2015 og 2014 i staden for ei ny folkerøysting. Ting har endra seg og kunnskapsnivået har blitt høgare mellom innbyggjarane.

– Dette er ei så viktig sak at ein bør ta seg den tida ein treng, seier Gjerde.

Sendt ut til gruppeleiarane i forkant

Morten Feiring (som representerer SV i kommunestyret) har i forkant av kommunestyremøtet i kveld sendt ut dette forslaget om folkerøysting.

Han argumenterer med at eit levande lokaldemokrat må ha engasjerte veljarar. Politikarane er valde av folket til å styre samfunnsutviklinga, og dei skal på same tid vere ombudsmenn - og kvinner for folket.

Ulstein SV gjekk til val på at dei ønskjer at Hareid og Ulstein slår seg saman, men den endelege avgjerda må takast gjennom ei folkerøysting. No har det vore folkerøysting, men der fekk ikkje veljarane ta standpunkt til samanslåing av Hareid og Ulstein.

Feiring meiner det er viktig at kommunen tek seg tid til å spørje folk om dette, om ein kjem så langt at ein framforhandla intensjonsavtale om ein felles kommune for Ulstein og Hareid blir signert.

Dei synest ikkje det er optimalt at politikarane no legg opp til at ein skal bruke sommaren på å forhandle fram ein intensjonsavtale, for å nå den nye fristen til Fylkesmannen 1. september.

Gjerde har lite til overs for avtalar som er fulle av fagre ord, og lite konkret innhald. Når Hareid og Ulstein lagar ein intensjonsavtale bør avtalen vere konkret. Han kan også tenkje seg å ha eit breiare samansett forhandlingsutval.

Gjerde og Anderson har merka eit stort engasjement mellom folk i denne saka. Mange veljarar er frustrerte over eigne politikarar, uavhengig av parti.

– Ein bør ta seg tid til å høyre på folket, dei skal få seie si meining, meiner dei.

Morten Feiring og Ulstein SV vil at folket skal få røyste over ein eventuelt framforhandla intensjonsavtale mellom Hareid og Ulstein.