Forutan at det er ein dag for mangt eit familiealbum, så vil nok laurdag 13. september 2014 også bli nemnt i lokale historiebøker. Ein kan trygt kalle dagens to konfirmasjonsgudstenester for historiske. Det er nemleg 60 år sidan sist det fann stad haustkonfirmasjon i Ulstein kyrkje. I morgon, søndag, er det to nye rundar med konfirmasjon.

Ein av livets store merkedagar

Margit Lovise Holte meddelte til Ulstein-konfirmantane kor viktig denne dagen er, og vil vere i livet deira. Som konfirmant stadfester du at du vedkjenner deg den kristne læra – trua på Jesus, Gud og Den Heilage Ande – treeininga, som også dåpsritualet er bygd på.

Opptatt av sunne sjølvbilde

Holte legg vekt på at vi er alle er vinnarar, sidan vi er skapt i Guds bilde, men åtvarar på same tid dagens unge om å bli for sjølvopptatte. Med glimt i auget viser presten ein selfie – eller «sjølvi», som nokon kallar det – til konfirmantane. Margit Lovise Holte fortel også om den greske legenden Narkissos, ein vakker ung gut som er meir opptatt av sitt eige ytre enn å gjengjelde den genuine kjærleiken frå ei jente. I den greske mytologien blir Narkissos straffa. Han blir forelska i sitt eige spegelbilde, og følgja av dette er at han fell ut i vatnet og druknar i det han skal stoppe ved ei vasskjelde og sløkkje tørsten.

Neste års konfirmasjon under planlegging

Sjølv om årets konfirmasjon enno ikkje er overstått, står det på nettsida til Ulstein sokn at det er tid for å sende ut informasjon til neste års konfirmantar. Dermed vil alle åttandeklassingar og foreldra deira snart få tilsendt eit skriv som opplyser korleis konfirmasjon i Ulstein kyrkje 2015 er tenkt avvikla.