Galleri Hugo Opdal kan denne helga presentere ei samling grafiske blad signert sjølvaste Pablo Picasso, ein av dei mest kjende kunstnarane frå det førre hundreåret.

Om ein er interessert i kunst eller ei, namnet Picasso kjenner dei aller fleste til.

- Det er temmeleg smalt det vi presenterer her ute, men Picasso har alle høyrt om, sa gallerist Hugo Opdal då han opna utstillinga for publikum laurdag.

Utstillinga skjer i samarbeid med kunstforretninga Blomquist i Oslo, eit samarbeid som tidlegare har resultert i både utstillingar med Munch og med norsk nasjonalromantikk.

Sett saman spesielt for Flø

Utstillinga «Grafiske underverker» er sett saman spesielt for Studio Hugo Opdal og er henta inn frå privat eige. Dei aller fleste av bileta er til sals.

- Det finst relativt mange gode trykk av Picasso her i landet, kunne kunsthistorikar Gunnar Krogh-Hansen frå Blomquist fortelje dei som hadde møtt fram på opninga. Årsaka til dette var at Galleri Haaken i Oslo i si tid kjøpte ei heil jernbanevogn med Picasso-trykk som deretter vart selde i Noreg.

Picasso var svært produktiv. I tillegg fleire tusen måleri, skultpturar og ei mengde teikningar har han etterlate seg omtrent 2200 grafiske trykk.

- Heldigvis var Picasso veldig nøye, slik at dei fleste grafiske arbeida hans er i god stand. Dette gjer at dei held seg godt i pris. Eit Picasso-trykk er som eit verdipapir, meinte Krogh-Hansen.

Kvinner og kunst

- Kvinner og kunst. Det ser ut til at det stort sett det Picasso sitt liv bestod av, fortel kunsthistorikaren. Hovudvekta av motiva som er stilt ut på Flø er framstillingar av nakne kvinner, gjerne i eit atelier og i mange av bileta finn vi kunsthistoriske referansar.

- Sjølv om det er mykje begjær i bileta, er dei færraste erotiske. Det er bilete som er lette å ha på veggen, tykte Gunnar Krogh-Hansen.

Eitt av dei bileta som tiltrekte seg særleg merksemd var portrettet av Jaqueline Rouque, Picasso si kone nummer to. Linotrykket er eitt av vel 400 portrett han laga av henne. Fleire skal ha vore interesserte i å kjøpe biletet, men eigaren er ikkje interessert i å selje.

Prisane på dei bileta som er til sals varierer frå 35.000 til 520.000.

Pablo Picasso kan sjå ut til å ha vore mest oppteken av kvinner og kunst, og ikkje så veldig mykje anna, fortalde kunsthistorikar Gunnar Krogh-Hansen frå Blomquist Kunsthandel.