Det byrja med 36 spelarar frå alle seniorlaga på søre Sunnmøre. Etter 1535 røyster vart dei 18 spelarane som skal representere breiddefotballen på søre Sunnmøre klare til kamp mot 1.-divisjonslaget Hødd på Høddvoll.

Team Søre-kampen går søndag 12. oktober og alle inntektene går til TV-aksjonen, som i år støttar arbeidet til Kirkens Nødhjelp med å skaffe varig tilgang til reint vatn for over ein million menneske.

Veldig god sak

Ein av dei som er på plass på Høddvoll søndag er Lars Ivar Moldskred, som tidlegare har spelt både for Hødd, Molde, Lillestrøm og Strømsgodset, og i år representerer Tjørvåg.

– Dette er eit veldig godt tiltak. Det er heilt topp, og ei veldig god sak, seier Moldskred som synest det er bra at fotballen kan vere med å bidra.

Moldskred synest det er kjekt at han har blitt stemt fram som keeper av dei som har delteke i avstemminga.

– Det betyr vel at eg ikkje er heilt gløymt, ler keeperen som trur det kan bli moro å møte gamleklubben.

– Eg trivst veldig godt på Høddvoll, slår han fast.

Les også: Her er Team Søre

Moldskred trur spelarane på Team Søre synest det er kjekt å kunne vere med på ein slik kamp, og han håpar flest mogeleg tek turen til Høddvoll.

– Eg håpar folk synest dette er moro og at dei dukkar opp på søndag.

Då vi snakkar med Lars Ivar Moldskred har han ikkje veldig høge forventningar til eigen prestasjon, men han lovar å gje alt mot Hødd.

– Nei, forventningane er ikkje så store, men kamp er kamp, så eg må prøve å halde buret reint.

Cupkamp

I utgangspunktet trur han at Hødd bør vere eit betre lag enn laget som er sett saman av spelarar frå 3.- til 6.-divisjon.

– Vanlegvis bør Hødd kjøre over dette laget, men vi er kanskje endå litt meir motiverte. For oss blir dette som ein cupkamp, seier Moldskred. Og i cupen kan som kjent alt skje.

Lars Petter Rønnestad i Hødd fortel at klubben har hatt innsamlingar til TV-aksjonen dei to siste åra, men då i samband med 1.-divisjonskampar.

– I år vart vi spurt om ikkje det var mogeleg å få til ein fotballkamp, og det passa perfekt med landslagspausen. Det er veldig kjekt for oss å kunne vere med å støtte det gode arbeidet til Kirkens Nødhjelp.

Rønnestad håpar publikum vil setje pris på tiltaket, og at mange tek turen for å sjå dei beste frå søre Sunnmøre mot Hødd-spelarane.

– Vi tek kampen som om det var ein 1.-divisjonskamp, seier Rønnestad.

TV-aksjonen

  • TV-aksjonen blir sendt på NRK 19. oktober.

  • Årets tema er Vatn forandrar alt, og går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid for å sikre varig reint vatn til menneske i Sudan, Sør-Sudan, Etiopia, Somalia, Tanzania, Afghanistan, Pakistan og Haiti.

  • Hødd møter Team Søre til fotballkamp på Høddvoll, der inntektene går til årets TV-aksjon.