Etter at dei to første øvingane i U18-VM var unnagjort onsdag føremiddag, leia Karsten Warholm mangekampen suverent.

For Warholms del starta dagen med 100-meter. Der sprang han inn på tida 10.86. Dette heldt til siger i heat nummer fire - og personleg rekord. Loek van Zevenbergen frå Nederland, som sprang inn på tida 11.18, var nest raskast i denne øvinga.

Dimna-guten leia derfor med 69 poeng før utøvarane skulle ut i den andre øvinga - lengehopp.

Heller ikkje der gjorde 17-åringen seg vekk. På dei to første forsøka hoppa Warholm høvesvis 7.08 m og 6.89 m, men på det tredje forsøket hoppa han 7.30 (+1.1). Også dette heldt til siger - og sesongbeste.

Vann tre av fire

Med to øvingar unnagjort leia Warholm suverent. Etter ein liten pause på ettermiddagen, var det duka for ytterlegare to øvingar.

Sjølv om Warholms beste kast var på 12,98 meter, dagens andre personlege rekord, heldt ikkje dette til høgare enn 9. plass i pulja si - 17.plass totalt.

Ungguten heldt likevel på leiinga med 38 poeng ned til tyske Ben Thiele med sine 2404 poeng.

Men Dimna-guten var ikkje ferdig med å setje rekordar enno.

Samanlagtleiar

Dag éin i Donetsk vart avslutta med 400-meter. Endå ein gong gjekk 17-åringen til topps, og sprang inn på tida 48.09 - som vart Warholms tredje personlege rekord denne onsdagen.

Saman med puljekonkurrent Feliks Shestopalov, Russland, var Warholm den einaste utøvaren som sprang under 49-sekundsmerket.

Topp tre i mangekampen etter dag éin:

1. Karsten Warholm - 3347p

2. Ben Thiele - 3186p

3. Maksim Andraloits - 3167p