Frank Hofseth, Jan Arild Bjåstad og Geir Eilertsen har kjent og jobba med kvarandre i ei årrekke. Dei tre har no funne saman igjen og satsar for fullt med Bilhallen Ulsteinvik.

– På folkemunne har dette alltid vore «bilhallen». Difor var det enkelt og greitt for oss å nytte det når vi no skulle starte på ny frisk igjen, seier Frank Hofseth.

Fleire endringar

Sidan det nye selskapet Bilhallen Ulsteinvik AS blei stifta i januar har det blitt gjort fleire endringar i sjølve hallen, men også i forhold til bilparken. Då avtalen med Brages Bilforretning var over forsvann også bilane som stod her. No er lokala på god veg til å bli fylt opp igjen, men frå no av blir det ikkje berre Toyota som vil vere fokuset når det kjem til nye bilar.

– Toyota vil sjølvsagt framleis vere det vi vil selje mest av, men det har med at vi har 2.500 Toyota-kundar i databasen vår, som frå tid til anna ønskjer seg ein ny Toyota. Det er Toyota vi kan best. Det som blir nytt med Bilhallen Ulsteinvik er at vi ikkje lenger knyter oss til eitt merke åleine på nye bilar, men heller får tak i det kunden ønskjer, seier Jan Arild Bjåstad.

– Kjenner kvarandre godt

Han og Frank Hofseth eig kvar sin del av det nye firmaet, og blir dei som vil stå for den daglege drifta av Bilhallen, medan Geir Eilertsen eig bygget, og også ein del av Bilhallen Ulsteinvik AS.

– Vi kjenner kvarandre svært godt, og har samarbeidd veldig bra gjennom mange år. Det er godt å vite at vi er tre karar som verkeleg ønskjer å få til noko saman, og som ikkje kan gjere anna enn å smile stort når vi tenkjer over dette nye eventyret vi gir oss ut på. Det er godt å kjenne på det at vi no får styre dette sjølv, at vi får vere våre eigne sjefar, seier Frank Hofseth.

– Dette er ein flott trio å vere ein del av, og eg trur det vil bli godt for oss alle å komme skikkeleg i gang, seier Jan Arild Bjåstad.

Ønskjer seg nye kundar

I mange år hadde bilsalsverksemda ein marknadsdel på nye bilar på over 30 prosent i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande, og dette er noko trioen føler dei må prøve å drage nytte av.

– Heilt klart. No er det berre å jobbe på, seier dei.

Agenturet på Toyota var det Brages Bilforretning som hadde, men Hofseth og co. jobbar no inn mot ulike leverandørar og bilmerke, for å få tak i nye bilar av mange ulike merke.

– Vi har no 12 nye Toyota i bestilling, men også andre bilar av andre merke kjem til. Vi vil skaffe tak i det kunden vil ha, og vi vil få tak i både nytt og brukt av andre merker, seier Jan Arild Bjåstad.

God pågang

Hofseth og Bjåstad fortel at dei har selt godt med bilar allereie, og fortel at det no blir jobba knallhardt fram mot den offisielle opninga av Bilhallen Ulsteinvik i mars, for å få på plass alt av avtalar og bilmerke.

– Vi har nytta tida til å finne samarbeidspartnarar, for å få tilgang til dei bilane folk ønskjer. Vi er godt i gang, men ikkje heilt i mål. Det har vore god pågang sidan vi starta opp, og vi ser framover med store smil om munnen, seier dei.

Forretningslokala får snart nye skilt, slik som vist på denne illustrasjonen. Foto: Illustrasjon.