Før rettssaka starta fredag morgon rettsadministrator Dag Brathole vite om partane hadde kome til noko semje i løpet av torsdag kveld/fredag morgon.

Forsvararen til Glen Børge Løset Flø, Lars-Henrik Windhaug opplyste at dei hadde kome med eit forlikstilbod til Ulstein kommune på 1,2 millionar kroner, men Ulstein kommune ville ikkje godta det.

I Tingretten vart han tilkjent ei erstatning på tilsaman 2 millionar kroner.

KS-advokat Øyvind Renslo slo fast at det dermed ikkje var grunnlag for vidare forhandlingar om eit forlik.

- Vi har ikkje meir å gå på, sa han.

KS-advokat Øyvind Reinslo har no starta på sluttprosedyren sin.