Hareid sitt damelag i handball spelte tysdag heimekamp mot Sykkylven/Stranda i Hareidhallen. Bortelaget kom frå siger heime mot Hødd 2 sundag, medan Hareid tapte heime mot Rollon.

Det var også bortelaget som starta best på Hareid. Hareid brukte tid i angrep, men fekk ikkje ballen i mål, medan Sykkylven/Stranda fann hol i Hareid-forsvaret og gjekk opp til 0-4 før Linda Kostaris sette Hareid sitt første.

Heimelaget tok grep frå start mot Sykkylven/Stranda-backen Julie T. Aas, som tidlegare i sesongen har scora 12 mål mot Hødd 1 og ni no sist mot Hødd 2. Hareid gjekk ut med frimerke på den gode skyttaren frå start, og det førte til at Aas berre stod med tre scoringar til pause, to av dei på straffe.

Med ein god keeper bakarst og med eit forsvar med mykje energi, kjempa Hareid seg meir og meir inn i kampen, og Hareid fekk det etterkvart til å stemme noko betre også i angrep. Med fem minutt att til pause var stillinga 7-10 i favør bortelaget, men Hareid fekk det noko tyngre inn mot pause, og spesielt på kantane vart det i perioder for mykje rom. Til pause var stillinga 8-14.

Heimelaget gjorde i hovudsak ein svært godkjent førsteomgang, men fekk det ikkje heilt til å stemme etter kvilen. Laget rota meir med ballen, og fekk ikkje avslutningane til å sitte godt nok, og dermed kunne bortelaget auke leiinga si til 10-21 etter 40 minutt. I denne perioden byrja Hareid også å plukke opp ein del tominuttarar, og dermed fekk Sykkylven/Stranda sin storscorar meir rom å boltre seg i.

Mot slutten fekk Sara Bigset sin tredje tominuttar, og dermed raudt kort. I tillegg måtte Iselin Klungsøyr gå av banen med skade. Likevel klarte Hareid å mane til ein slags sluttspurt og var det beste laget dei siste ti minutta. Til slutt vart det likevel ein komfortabel siger til Sykkylven/Stranda med resultatet 16-28, men på Hareid-benken var trenarane klart meir nøgde med det laget presterte enn det som var tilfelle mot Rollon i helga.

- Vi kan ikkje seie oss misnøgde med innsatsen i dag, fortel Karina Gade og Jeanette Teigene.

Trenarane var spesielt nøgde med at laget jobba veldig godt defensivt.

- Vi har nokre perioder, som i starten på kampen og like etter pause der vi ikkje er gode nok, men i dag spelar vi bra i mykje lenger perioder enn det vi har gjort i ein del andre kampar. Vi har spelt ein del gode førsteomgangar, men så blir det ofte dårlegare etter pausen, og det er noko vi må få gjort noko med, meiner Gade.

- Vi er også litt uheldige som får både raudt kort og ein skadd spelar på nesten same tid på slutten, for då måtte vi avslutte så godt som utan innbytarar, legg Teigene til.

Kampfakta:

4.-divisjon handball kvinner

Hareid - Sykkylven/Stranda 16 - 28 (8-14)

Hareidhallen - tilskodarar: ca. 25.

Tominuttarar: Hareid - 7

Hareid: Line Kvalsund, Sara Bigset (1), Sunniva Liaset (1), Susanne Bigset (1), Iselin Klungsøyr (2), Lene Mari Anresen (3), Marte Giske (1), Maria Slettebakk (2), Linda Kostaris (4), Oline Ertesvåg, Marte Rise (1)