Eit forslag om å gjere Hareid og Ulstein til ein del av ein større «Regionkommune Sunnmøre» med tyngdepunkt nord om Breisundet skal til drøfting på Finnøy Havstuer torsdag og fredag denne veka.

Det er Sunnmøre Regionråd som dreg i trådane. Politikarar og administrative utsendingar frå ei rekke kommunar skal drøfte to større, mulege kommuneinndelingar:

1: «Regionkommune Sunnmøre»: Hareid, Ulstein, Ålesund, Giske, Haram, Skodje, Sula, Sykkylven, Stranda, Ørskog, Stordal, Norddal og Sandøy.

2: «Ny landkommune»:  Vestnes, Sandøy, Skodje, Ørskog, Stordal og Norddal.

Som ein ser av desse to alternativa er ikkje fem av dei sju kommunane på Søre Sunnmøre med. Det gjeld Herøy, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda.

Utsendingar til møtet frå Ulstein er Einar Arset Vik, Knut Erik Engh og Jan Berset, medan Kai-Rune Bjørke og Anders Riise er Hareid sine utsendingar.

Styringsgruppene skal gi tilråding

Det er kommunane sjølve, i samarbeid med regionrådet, som har stått for utgreiingane som blir lagt fram i under seminaret. Dei har analysert sterke og svake sider og sett på moglegheiter og truslar ved å bli ein del av ein ny, større kommune. No er det styringsgruppene, beståande av ordførarane i deltakarkommunane, som skal behandle rapportane og gje si tilråding om det vidare arbeidet.

– Bygge nytt, ikkje berre slå saman

– Det er spennande prosessar som er i gang, seier leiar av styringsgruppa for «Ny landkommune» Thorbjørn Fylling i ei pressemelding. – Kommunane har tatt utgreiingsansvaret på alvor og gjort eit grundig og omfattande arbeid. No blir det opp til den einskilde kommune å behandle rapportane og gje sine tilrådingar til det nye kommunestyret.

Fylling understrekar at uansett framtidig kommunestruktur for Sunnmøre, så må utgangspunktet vere å bygge nytt – ikkje berre slå saman kommunar.

- Utdatert kommunestruktur

Grunnlaget for begge utgreiingane er at dagens kommunestruktur ikkje samsvarar med den kvardagsregionen som innbyggarane bur, arbeider og har sine fritidsaktivitetar i.

– No skal vi byggje kommunar for framtida som sikrar innbyggarane gode tenester der dei bur og der vi kan hevde oss i konkurransen med andre regionar, seier leiar av styringsgruppa for «Regionkommune Sunnmøre», Bjørn Sandnes.

Kommunane må ha gjort vedtak om kva kommunestruktur dei ønskjer seg før sommaren 2016. Dei nye kommunane skal vere på plass og i drift frå 1. januar 2020.